{"id":214,"date":"2007-07-22T10:49:10","date_gmt":"2007-07-22T09:49:10","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2007\/07\/22\/jeppa-pinne\/"},"modified":"2007-07-22T10:49:10","modified_gmt":"2007-07-22T09:49:10","slug":"jeppa-pinne","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=214","title":{"rendered":"Jeppa pinne"},"content":{"rendered":"<p>I gamle dagar, d\u00e5 eg var kn\u00f8tt, var me mykje ut og fann p\u00e5 ting. Me spelte <strong>d\u00f8ball<\/strong>, <strong>anti-\u00f8ve<\/strong>, <strong>lite vink<\/strong>, <strong>spark p\u00e5 boks<\/strong> og <strong>kappa land.<\/strong> Men av dei kjekkaste aktivitetane me haldt p\u00e5 med, var det \u00e5 <strong>jeppa pinne<\/strong>.<\/p>\n<p>I gamle dagar fanst det tre p\u00e5 skuleplassen, eller i det minste rett utanfor. Nokon hadde kanskje leika indianar og cowboy dagen f\u00f8r, og hadde laga seg piler av unge rauner som dei tok med seg p\u00e5 skulen dagen etter. Ikkje for \u00e5 skyta pilene etter kvarandre, s\u00e5 gale var det sj\u00f8lv ikkje d\u00e5, i den tida d\u00e5 n\u00e5r born hadde lov \u00e5 sl\u00e5 seg. Men pilene hadde andre bruksomr\u00e5de, nemleg som verkty i dette facinerande spelet.<\/p>\n<p>\u00c5 jeppa pinne er ein lagsport. Ein utd\u00f8ande lagsport. Ein actionfyllt lagsport! Det kan minne litt om dei mer kjende sportane <strong>cricket<\/strong> eller <strong>baseball<\/strong>, men er til samanlikning utan ballen. Kan dette vere det perfekte spelet for dei som til d\u00f8mes ikkje heilt vert oppslukt av at 22 spelarar spring etter ein ball og pr\u00f8ver og f\u00e5 han i eit m\u00e5l i kvar sin ende av bana? Eg veit ikkje. Men ein ting er sikkert, \u00e5 jeppa pinne er ein kunst, og ikkje minst: morro! S\u00e5 for dei som har lyst \u00e5 gjera ei fors\u00f8k med det, og antan ikkje har spelt det f\u00f8r, eller ikkje hugsar korleis det gjekk f\u00f8re seg&#8230;her er reglane.<\/p>\n<p><strong>Utstyr:<\/strong><\/p>\n<p>2 stk pinnar, henholdsvis 15-20 og 30-60 cm lange.<br \/>\n2 steinar\/treblokker\u00a0 som ein kan leggja den minste pinnen p\u00e5 tvers av. (basen)<\/p>\n<p><strong>Spelets gang:<\/strong><\/p>\n<p>1. Del inn alle deltakarane i to lag. Eit innelag, og eit utelag.<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/07\/skjermdump.jpg\" alt=\"Jeppa pinne 1\" class=\"imageframe\" style=\"float: right\" height=\"153\" width=\"127\" \/><br \/>\n2. Spelarane p\u00e5 utelaget fordelar seg utover bana, medan spelarane p\u00e5 innelaget stiller seg opp etter tur for \u00e5 jeppa pinnen.<br \/>\n3. Den minste pinnen vert lagd mellom steinane (p\u00e5 basen).<br \/>\n<strong>Fyrste slaget &#8211; Vippen<\/strong><br \/>\n4. Den fyrste spelaren p\u00e5 innelaget tek den store pinnen og held han intill den vesle slik at han kan vippa pinnen ut p\u00e5 bana. <em>NB! Kontakt mellom pinnane er viktig s\u00e5 ein ikkje sl\u00e5r pinnen ut p\u00e5 bana, noko som kan medf\u00f8re skadar.<\/em><br \/>\n5. N\u00e5r spelaren p\u00e5 innelaget s\u00e5 vippar pinnen, er det opp til utelaget \u00e5 ta tak i denne f\u00f8r han fell i bakken, alts\u00e5 \u00e5 ta hys. Klarer ein dette, er spelaren som vippa pinnen ute.<br \/>\n6. Klarar ein derimot ikkje \u00e5 ta hys, legg innespelaren vippepinnen p\u00e5 tvers av basen.<br \/>\n7. Utespelaren som er n\u00e6rast den vesle pinnen, pr\u00f8ver s\u00e5 \u00e5 treffa vippepinnen slik at han fell ned fr\u00e5 basen. Klarar han dette, er innespelaren og ute av spelet.<br \/>\n8. Om utespelaren derimot ikkje klarar \u00e5 treffe vippepinnen, nyttar ein den vesle pinnen for \u00e5 m\u00e5la avstand til der vippepinnen no ligg. 1 lengd=1 poeng til innelaget.<\/p>\n<p><strong>Andre slaget &#8211; Enkeltslag<br \/>\n<\/strong>9. Hald den vesle pinnen med eine handa, og sler han utover p\u00e5 bana med vippepinnen.<br \/>\n10. Utespelaren kastar n\u00e5 den vesle pinnen inn og skal treffa s\u00e5 n\u00e6rt opptil basen at innelaget ikkje kan oppn\u00e5 poeng. Innespelaren har her anledninga til \u00e5 &laquo;vispa&raquo; framfor basen slik at veslepinnen kan havna langt unna.<br \/>\n11. Poeng m\u00e5last med vippepinnen fr\u00e5 den vesle, og inn til basen. Igjen poeng til innelaget.<\/p>\n<p><strong>Tredje slaget &#8211; Dobbeltslag<br \/>\n<\/strong>12. Innelaget sin spelar m\u00e5 her sl\u00e5 pinnen opp i lufta ei gong f\u00f8r han kan sl\u00e5 han ut p\u00e5 bana.<br \/>\n13. Poengoppm\u00e5ling her gjev 2 poeng for kvar pinnelengd.<br \/>\n14. Klarar utelaget \u00e5 ta hys, er det nestemann p\u00e5 innelaget sin tur.<\/p>\n<p><strong>Fjerde slaget &#8211; Sjanseslaget (frivilleg)<\/strong><br \/>\n15. Innespelaren m\u00e5 her treffe den vesle pinnen to gonger i lufta f\u00f8r han kan sl\u00e5 han ut p\u00e5 bana. Ein f\u00e5r no fem poeng pr. pinnelengd.<br \/>\n16. <em>Tek utelaget hys no, f\u00e5r utelaget alle poenga til innelaget n\u00e5r dei byttar plass.<\/em><br \/>\n17. Om utelaget tek hys, er det nestemann p\u00e5 innelaget sin tur \u00e5 sl\u00e5, slik som f\u00f8r.<\/p>\n<p>18. N\u00e5r alle p\u00e5 innelaget har hatt sin tur eller blitt sl\u00e5tt ut, bytar laga plass og fortset spelet til eit lag n\u00e5r avtalt poengsum.<\/p>\n<p>Jepp jepp.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I gamle dagar, d\u00e5 eg var kn\u00f8tt, var me mykje ut og fann p\u00e5 ting. Me spelte d\u00f8ball, anti-\u00f8ve, lite vink, spark p\u00e5 boks og kappa land. Men av dei kjekkaste aktivitetane me haldt p\u00e5 med, var det \u00e5 jeppa pinne. I gamle dagar fanst det tre p\u00e5 skuleplassen, eller i det minste rett utanfor. [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[16,7],"tags":[],"class_list":["post-214","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-friluftsliv","category-moro"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/214","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=214"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/214\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=214"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=214"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=214"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}