{"id":2116,"date":"2012-04-24T20:46:35","date_gmt":"2012-04-24T18:46:35","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=2116"},"modified":"2012-04-24T20:46:35","modified_gmt":"2012-04-24T18:46:35","slug":"meir-brod-og-sirkus-til-folket","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=2116","title":{"rendered":"Meir br\u00f8d og sirkus til folket"},"content":{"rendered":"<p>For nokre dagar sidan <a title=\"Br\u00f8d og sirkus til folket\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2012\/04\/17\/brod-og-sirkus-til-folket\/\">skreiv eg ein bloggpost <\/a>der mitt hovudpoeng var ei oppmoding til norsk media om at det for tida ogs\u00e5 hender andre saker i Noreg, og verda, enn ei viss rettssak i Oslo. Tilfeldigvis nytta eg redakt\u00f8r i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, som gallionsfigur for den norske medieskuta i mine skriveri.<\/p>\n<p>I dag fekk eg til mi store overrasking eit svar fr\u00e5 Helle. Eller, meir presist, eit ikkje-svar. Med tanke p\u00e5 <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/nb\/dep\/jd\/dok\/nouer\/2003\/nou-2003-30\/5.html?id=382904\" target=\"_blank\">offentlighetsprinsippet<\/a>, som b\u00e5de eg og Lars er opptekne av, gjenngjev eg svaret, eller ikkje-svaret om du vil, her;<\/p>\n<blockquote><p><em>Takk for link.<\/em><\/p>\n<p><em>Jeg var faktisk gjort oppmerksom p\u00e5 bloggen din noen dager f\u00f8r, og lurte litt p\u00e5 om jeg skulle svare deg.<\/em><\/p>\n<p><em>Jeg s\u00e5 vel egentlig ikke noe poeng i det. Det virker som vi har helt grunnleggende forskjellig syn p\u00e5 hvordan for eksempel en rettsstat skal fungere, der jeg jo ser at offentlighet er en del av dette.<\/em><\/p>\n<p><em>Du mener noe annet og det er helt i orden. Jeg tror ikke vi blir enige.<\/em><\/p>\n<p><em>Som medieanalyse svikter vel bloggen din n\u00e5r du p\u00e5 den ene siden kommer med det alltid gjentatte, klisj\u00e9fylte argumentet om at vi gj\u00f8r dette bare for \u00e5 tjene penger, samtidig som du skriver at produserer noe folk ikke vil ha. Hvordan henger det p\u00e5 greip?<\/em><\/p>\n<p><em>Uansett var det underholdende lesning, selv om jeg ser at det ikke er noe jeg kan navigere etter i stillingen min.<\/em><\/p>\n<p><em>Takk for engasjementet.<\/em><\/p>\n<p><em>Vennlig hilsen<\/em><\/p>\n<p><em>Lars Helle<\/em><\/p><\/blockquote>\n<p>Fyrst av alt m\u00e5 eg berre f\u00e5 sei at det er ganske s\u00e5 flatterande at mitt vesle innlegg n\u00e5dde heilt fram til Lars Helle p\u00e5 eiga hand. Sj\u00f8lv sende eg ei lenkje til han, etter nok eit innlegg i avisa hans om Amid Bubab Barlan.<\/p>\n<p>Men n\u00e5r ein fer respons, og eit augneblenk tenkjer &laquo;wow!&raquo;, s\u00e5 er det godt at Helle evnar \u00e5 drage ein ned p\u00e5 jorda att. For hans svar er alts\u00e5 ikkje \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 som eit svar. Det seier han sj\u00f8lv, og det ser ein og i svaret. Helle har ikkje teke fatt i eit einaste av poenga mine, med eit lite heiderleg unntak av redakt\u00f8rars ansvar for \u00e5 ha ei viss inntening p\u00e5 produktet sitt, noko eg kjem attende til seinare.\u00a0Men la n\u00e5 det vere Helles val.<\/p>\n<p>For min eigen del tykkjer eg nok at det hadde vore meir i tr\u00e5d med hans eigne prinsipp om &laquo;offentlighet&raquo;, om han hadde publisert sitt ikkje-svar i kommentarfeltet p\u00e5 bloggen min. Men igjen&#8230;Helles val.<\/p>\n<p>N\u00e5r du no har kome s\u00e5 langt ned i teksten her, ville det vore for gale om eg ikkje skulle kommentert Lars Helle sitt ikkje-svar, s\u00e5 her kjem den biten.<\/p>\n<p>Eg finn det beint fram fascinerande at Lars Helle tillegg meg meiningar der han framstiller meg som om eg var motstandar av offentligheit. Hadde Helle teke seg bryet med \u00e5 leita litt attende i bloggarkivet mitt, ville han nok lagt merke til at openheit er noko av det eg set h\u00f8gst. Han hadde gjerne og lagd merke til at eg har vidarformidla\u00a0<a title=\"Vald er aldri svaret\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2011\/07\/27\/vald-er-aldri-svaret\/\" target=\"_blank\">ein video med Pat Condell i etterd\u00f8nningane etter \u00e5taket<\/a>. Her vert det meste som er verd \u00e5 seie om saka sagt p\u00e5 under to minutt.<\/p>\n<p>Eg trur Lars har hatt nokre skeive briller p\u00e5 d\u00e5 han las mitt <em><a title=\"Br\u00f8d og sirkus til folket\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2012\/04\/17\/brod-og-sirkus-til-folket\/\" target=\"_blank\">innlegg om media si einsidige dekning den siste tida<\/a><\/em>. At ein journalist, p\u00e5 toppen av det heile, ein redakt\u00f8r, ikkje skal kunne inneha evne til refleksjon over eige arbeid er trist og skremande. S\u00e5 for \u00e5 hjelpa p\u00e5 den biten kjem her nokre tal. (<a href=\"http:\/\/www.retriever-info.com\/en\/\" target=\"_blank\">Samtlege tal er henta fr\u00e5 Atekst.<\/a>)<\/p>\n<ul>\n<li>11.09.2001 flaug to jetfly inn i World Trade Center i New York. Heile verda stod p\u00e5 hovudet i etterd\u00f8nningane av dette. I veka som kom etter det, skreiv norske avisar <strong>818<\/strong> artiklar som inneheldt orda &laquo;World Trade Center&raquo;.<\/li>\n<li>Veka f\u00f8r Stortingsvalet 14. september 2009 kunne dei same avisane vise til <strong>570<\/strong> artiklar med ord &laquo;Jens Stoltenberg&raquo; i seg.<\/li>\n<li>Fr\u00e5 01.09.2011 til 15.04.2012 har avisane, i snitt pr. veke, hatt <strong>209<\/strong> artiklar med namnet p\u00e5 personen bak hendinga.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Ingen av desse tre hendingane har vel gjenge direkte up\u00e5akta hen i det norske samfunnet.<\/p>\n<p>Det er difor til \u00e5 undrast over at Helle saknar &laquo;offentlighet&raquo; rundt saka, n\u00e5r ein ser at fr\u00e5 16.04.2011 til 24.04.2011, 8 sm\u00e5 dagar, har Antje Brura Bursdag vorte nemnd i 1774 artiklar. <strong>1774<\/strong>! D\u00e5 har eg ikkje ein gong vurdert \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 talet p\u00e5 nyhendesendingar med same tema som hovudoppslag.<\/p>\n<p>At media kosar seg i dette stoffet som ein unge i fri dressur p\u00e5 Kvadrat, er nok ikkje ein p\u00e5stand som ville gjeve meg spesielt gode odds.<\/p>\n<p>Vidare til neste poeng.<\/p>\n<p>Lars Helle er mildt sagt skeptisk til min &laquo;medieanalyse&raquo;. Men at eigarane set krav til ei viss inntening er unekteleg eit poeng det er vanskeleg \u00e5 kome bort i fr\u00e5. Kall det &laquo;klisj\u00e9fylt<em>&raquo; <\/em>og rakk ned p\u00e5 det. Like fullt er det fakta at Schibsted, Noregs st\u00f8rste mediekonsern, ikkje vil akseptere raude tal. At Stavanger Aftenblad i 2006 gjekk over til tabloidformat p\u00e5 avisa si, gjorde vel heller ikkje den biten betre?<\/p>\n<p>Som den j\u00e6ravisa Stavanger Aftenblad er, skal eg no fors\u00f8ke \u00e5 gje Lars Helle ei innf\u00f8ring i greipstruktur omkring mi s\u00e5kalla &laquo;medieanalyse&raquo;.<\/p>\n<p>Stavanger Aftenblad er ei avis med eit stort tal abonnentar. Ut i fr\u00e5 dette, har avisa ei temmeleg stabil inntekt. Opp\u00e5 dette, eller gjerne ogs\u00e5 i fyrste rekke, kjem sal av annonsar. Avisa er i tillegg \u00e5 f\u00e5 kj\u00f8pt i laussal.<\/p>\n<p>Laussalsavisar har og sine faste kj\u00f8parar. Desse kj\u00f8parane er som r\u00f8ykarar. Dei er vanedyr. Dei kj\u00f8per avis av gamal vane. Kvar og ein har sin favoritt. Lik r\u00f8ykarar som skal ha R\u00f8d 3 <em>kvar evige gong<\/em>, kjem ogs\u00e5 den faste avisskj\u00f8par og sp\u00f8r etter VG, Dagbladet eller tilsvarande. I mine \u00e5r har eg end\u00e5 til gode \u00e5 h\u00f8yra einkvan sp\u00f8r etter &laquo;gje meg ei avis med nytt om travhestar&raquo;. Ein kj\u00f8per aviser ut i fr\u00e5 at ein veit kva ein f\u00e5r. For ein person p\u00e5 min alder, er det d\u00e5 gjerne interessant med stoff om ei kvit og svart l\u00e6rkule. <em>And that&#8217;s it!<\/em><\/p>\n<p>Mitt poeng her, fibrane som legg seg p\u00e5 tvers av greip-tinda og bind det heile i hop; folk er vanedyr! Dei gjer ting av gamal vane. Difor er det ikkje s\u00e5 n\u00f8ye kva som er p\u00e5 framsida av avisa. Refleksen i armen gjer at samstundes som kaffekoppen kjem rykande varm over skranka, vert avisa slengd opp\u00e5 ved sida av med det same, gamle \u00a0mantraet &laquo;Og gje meg Dagbladet\/VG\/Aftenbladet\/XX og&#8230;&raquo;<\/p>\n<p>Eg vil gjerne gje landets redakt\u00f8rar ei utfordring. P\u00e5 same m\u00e5te som me rett som det er fer featurebilag om interi\u00f8r, ville det vore eit interessant eksperiment \u00e5 gjort det same med <em>saka<\/em>. Kutt ut alt stoff om det i hovudutg\u00e5va, og sel bilag p\u00e5 si. Om salstala hadde tapt seg som f\u00f8lgje av dette, ville jo det i seg sj\u00f8lv ha vore ei sak.<\/p>\n<p>Igjen er det interessant \u00e5 <a href=\"http:\/\/www.nordiskemediedager.no\/nyheter\/for-mye-mediedekning-av-22-juli-synes-to-av-tre-nordmenn\/\" target=\"_blank\">dra fram tala fr\u00e5 Nordiske mediedager, der 68% var lei fokus omkring drapa p\u00e5 austlandet sumaren 2011<\/a>. For Lars Helle er journalist. Han er redakt\u00f8r. Til dagleg har han likesinna rundt seg. Andre journalistar. Redakt\u00f8rar. Ja jamnvel p\u00e5 <a title=\"Gifte med journalisten Hilde Torgersen\" href=\"http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Lars_Helle\" target=\"_blank\">heimebane er har han journalistar rundt seg<\/a>.<\/p>\n<p>No er ikkje eg s\u00e5 sylskarp i personanalysar som Lars Helle tilsynelatande meiner at han er, n\u00e5r han definerer meg som ein med grunnleggjande ulikt syn fr\u00e5 han. Difor vert dette i stor grad hypotetisk. Antakingar. Sn\u00e5samannutsegn. Men ein <em>kan <\/em>gjerne\u00a0seie at Lars Helle kan ha utfordringar med \u00e5 vera sj\u00f8lvkritiskt med tanke p\u00e5 alle dei likesinna han omgjer seg med.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For nokre dagar sidan skreiv eg ein bloggpost der mitt hovudpoeng var ei oppmoding til norsk media om at det for tida ogs\u00e5 hender andre saker i Noreg, og verda, enn ei viss rettssak i Oslo. Tilfeldigvis nytta eg redakt\u00f8r i Stavanger Aftenblad, Lars Helle, som gallionsfigur for den norske medieskuta i mine skriveri. I [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[29,417,472,614,717],"class_list":["post-2116","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-politikk","tag-22-juli","tag-lars-helle","tag-media","tag-rettsstat","tag-stavanger-aftenblad"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2116","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2116"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/2116\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2116"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=2116"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=2116"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}