{"id":1958,"date":"2011-06-22T20:58:58","date_gmt":"2011-06-22T18:58:58","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=1958"},"modified":"2011-06-22T20:58:58","modified_gmt":"2011-06-22T18:58:58","slug":"laerarevaluering","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=1958","title":{"rendered":"L\u00e6rarevaluering"},"content":{"rendered":"<p>Som eit siste lille sprell f\u00f8r sumarferien, valde eg \u00e5 halde ei unders\u00f8king blandt foreldra til borna som eg har vore l\u00e6rar for i \u00e5r. Vurdering er jo s\u00e5 i vinden n\u00e5 om dagen. Samtlege heimar har hatt tilgang p\u00e5 datamaskin, og eg har difor i stor grad kommunisert med heimane vha e-post.<\/p>\n<p>No, etter at eg har teke sumarferie, v\u00e5ga eg \u00e5 opne dokumentet for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 tibakemeldingane eg har f\u00e5tt. Av mine 18 elevar er det kome inn svar i fr\u00e5 10 av dei. Det er eg s\u00e6rs n\u00f8gd med.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" title=\"Stolt l\u00e6rar\" src=\"http:\/\/images4.cpcache.com\/product_zoom\/140397394v8_480x480_Front_padToSquare-true.jpg\" alt=\"\" width=\"336\" height=\"336\" \/>Elevane mine, som no er ferdige med 1. klasse (huff, kor tida g\u00e5r), fekk p\u00e5 eit tidleg tidspunkt sitt eige brukarnamn og passord til skulens l\u00e6ringsplattform. Der har med kvar veke hatt ei digital lekse som dei skulle ferdigstille p\u00e5 lik linje med skrive, lese og rekneleksene. Det har ikkje vore anna enn ein ubetinga suksess! Mykje av grunnen til det, trur eg nok eg kan skulda p\u00e5 mi fantastisk flott foreldregruppe, som har s\u00f8rga for \u00e5 fylgja opp denne leksa minst like godt som dei meir tradisjonelle leksene.<\/p>\n<p>Leksene har vore alt i fr\u00e5 \u00e5 <a href=\"http:\/\/www.youtube.com\/watch?v=FrcwPqZLdFc\">skrive bokstavane i alfabetet med stor h\u00f8gd<\/a>, skrive <a href=\"http:\/\/www.youtube.com\/watch?v=NWaP7DOULRU\">ord med bokstaven r<\/a>, <a href=\"http:\/\/www.youtube.com\/watch?v=Ts6Ng98J1Ww\">skrive om eigne opplevingar<\/a> og til sist \u00e5 laga id\u00e9lister til sommarferieaktivitetar. Det har vore kjekt \u00e5 laga oppg\u00e5ver, og det har vore kjekt \u00e5 sj\u00e5 kva svar dei har kome fram til.<\/p>\n<p>Det har dog vore ei avgrensing. Me har hatt ein profil for elevane som er av den bernevennlege typen. Av den grunn, har ein ikkje hatt moglegheiten til \u00e5 la elevane f\u00e5 tilbakemeldingar p\u00e5 det arbeidet dei har gjort. I alle fall ikkje med hjelp av l\u00e6ringsplattformen sitt verkty for dette. Heldigvis vil dette endrast neste \u00e5r, n\u00e5r profilen til elevane vert endra til ein meir funksjonell ein.<\/p>\n<p>Men tilbake igjen i fr\u00e5 digresjonen. Eg ville sei noko om tilbakemeldingane eg fekk av dei f\u00f8resette. Eg bad dei kome med ein ting dei var n\u00f8gd med, og ein ting dei kunne \u00f8nska seg at hadde vorte gjort betre\/annleis. Og eg er mildt sagt overvelda. Av alle svara var det kun to negative svar. Eg er ikkje ein gong sikker p\u00e5 om dei er negative, for eg er hjartans einig i dei.<\/p>\n<p>Det eine var at meldingsboka (i papirform) kunne ha inneheldt meir kommunikasjon. Det er eit poeng som er p\u00e5 sin plass, for eg <em>har<\/em> ikkje vore flink til \u00e5 f\u00f8lgja opp denne.<\/p>\n<p>Det andre var at eit foreldrepar sakna meir skulefaglege tilbakemeldingar. Det finst inga unnskyldning om eit foreldrepar opplever at dei ikkje mottek slikt. Det er arbeidet mitt \u00e5 gjera nettopp det. Diverre er det ikkje konkretisert meir spesikfikt, og sidan unders\u00f8kinga var anonym er det ogs\u00e5 vanskeleg for meg \u00e5 veta kvifor ein elev det er snakk om. Eg kan berre fors\u00f8ke \u00e5 ta dette til meg til neste runde, og gjere det betre d\u00e5. Det m\u00e5 vera eit m\u00e5l!<\/p>\n<p>Og her er nokre eksempel fr\u00e5 resten av svara:<\/p>\n<blockquote><p><em>&#8211; Fint \u00e5 f\u00e5 tilbakemeldinger skriftlig og muntlig.<br \/>\n&#8211; &#8230;oppgavene med en liten film snutt p\u00e5 itslearning og tradisjonelle l\u00e6rem\u00e5ter er motiverende.<br \/>\n&#8211; [Han]\u00a0har gjennom hele \u00e5ret v\u00e6rt veldig motivert og viser stor interesse for det han l\u00e6rer.<br \/>\n&#8211; Vi synes det er positivt at du bruker alternative m\u00e5ter \u00e5 l\u00e6re ungene, \u00a0ikke bare inne i klasserommet men og ute i naturen.<\/em><\/p><\/blockquote>\n<p><em><\/em>&#8230;for \u00e5 nemne nokre. Kva kan ein seie, anna enn: TAKK!<\/p>\n<p>Dette m\u00e5 vera den beste inngangen til ei avspaseringsperiode som ein l\u00e6rar kan f\u00e5. Det er jammen godt at det er ei stund til skulen tek til igjen, s\u00e5 ein kjempekry l\u00e6rar kan f\u00e5 jekka ned egoet sitt eit par hakk.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r alts\u00e5 dagane&#8230;l\u00e6rarkvardagane. Er det rart eg tykkjer at eg har eit flott yrke?<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som eit siste lille sprell f\u00f8r sumarferien, valde eg \u00e5 halde ei unders\u00f8king blandt foreldra til borna som eg har vore l\u00e6rar for i \u00e5r. Vurdering er jo s\u00e5 i vinden n\u00e5 om dagen. Samtlege heimar har hatt tilgang p\u00e5 datamaskin, og eg har difor i stor grad kommunisert med heimane vha e-post. No, etter [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[2],"tags":[219,420,769,801,843],"class_list":["post-1958","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-arbeid","tag-foreldre","tag-laerar","tag-tilbakemelding","tag-undersking","tag-vurdering"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1958","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1958"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1958\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1958"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1958"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1958"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}