{"id":1390,"date":"2009-09-24T20:20:33","date_gmt":"2009-09-24T18:20:33","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=1390"},"modified":"2009-09-24T20:20:33","modified_gmt":"2009-09-24T18:20:33","slug":"mobbing-pa-min-grunnskule","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=1390","title":{"rendered":"Mobbing p\u00e5 min grunnskule"},"content":{"rendered":"<p>I dag rulla Stavanger Aftenblad opp ei mobbesak p\u00e5 <a href=\"http:\/\/sinnes-skule.no\/\" target=\"_blank\">min gamle barneskule<\/a>. Kven skulle tru det? P\u00e5 min vesle skule med berre 60-70 elevar, har folk g\u00e5tt rundt \u00e5 mobba andre slik at dei til slutte endar opp med \u00e5 flytta! Det er ei nyhend eg puttar i same skuff som 9\/11 og ranet i Sveriga her om dagen&#8230;surrealistisk.<\/p>\n<p>Det var visst ogs\u00e5 det skulen sj\u00f8lv gjorde d\u00e5 dei fekk h\u00f8yra om saka.<\/p>\n<blockquote><p>Foreldrene ble m\u00f8tt med mistro&#8230;<\/p><\/blockquote>\n<p>Og det kan eg gjerne forst\u00e5. N\u00e5r ein er slik ein liten skule kjenner ein jo som vaksen alle elevane. I tillegg kjenner alle elevane kvarandre godt. Kven kan tru at nokon er stygge med kvarandre, over lang tid, p\u00e5 ein slik stad? Det er som om Tussi skulle ha mobba Tigergutt i Hundremeterskogen s\u00e5 han m\u00e5tte ta spretthalen sin \u00e5 hoppe til andre jaktmarker!<\/p>\n<p>Men er det noko ein veit om mobbing, s\u00e5 er det at det skjer overalt. Skjult mobbing er kanskje verst, og dei som er ekspertar p\u00e5 <a href=\"http:\/\/saf.uis.no\/forskning\/mobbing\/jentemobbing\/\" target=\"_blank\">skjult mobbing er jenter<\/a>. Slik sett er det gjerne ikkje heilt uforst\u00e5eleg at det heile kom som julekvelden p\u00e5 kjerringa.<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" style=\"margin: 5px;\" title=\"Antimobbing\" src=\"http:\/\/farm3.static.flickr.com\/2279\/2500644518_da89dba048.jpg\" alt=\"\" width=\"318\" height=\"425\" \/><\/p>\n<p>Det er trist at slikt skal hende. Det er end\u00e5 tristare at det neppe er fyrste gong, og heilt sikkert ikkje siste gong det skjer heller. At det skulle g\u00e5 s\u00e5 langt som til at eleven og familien m\u00e5tte flytta er s\u00e6rs trist, og her skulle ein sj\u00f8lvsagt gjort noko aktivt for \u00e5 f\u00e5 slutt p\u00e5 mobbinga mykje tidlegare. Men igjen&#8230;det er gjerne ikkje s\u00e5 lett n\u00e5r ein korkje ser eller h\u00f8yrer noko om det.<\/p>\n<p>S\u00e5nn sett har, etter det eg kan forst\u00e5 i fr\u00e5 Aftenbladet, bygdesp\u00f8kelset i Sirdal nok ein gong sl\u00e5tt til. L\u00f8yndomane som for alt i verda ikkje skal opp i lyset. At alt helst skal teiast ihjel, eller i det minste haldast innanfor fire d\u00f8rer&#8230;der har du noko av Sirdal si st\u00f8rste utfordring! Om det stemmer som det st\u00e5r, at foreldra til jenta som var mobba vart r\u00e5dd av andre til \u00e5 teie, d\u00e5 ville eg skjemst s\u00e5 lang eg var over \u00e5 ha gjeve slike r\u00e5d.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/sirdolen.no\/index.php?page=vis_nyhet&amp;NyhetID=2837\" target=\"_blank\">Sird\u00f8len tek og opp mobbesaka<\/a>, om enn p\u00e5 ein litt anna vinkla m\u00e5te. Ordf\u00f8raren stiller seg kritisk til \u00e5 ta slike saker opp i politiske fora, og det er eg einig med han i. At ordf\u00f8raren sj\u00f8lv kan vera innhabil i saka med tanke p\u00e5 at han sj\u00f8lv har born p\u00e5 skulen, ja det er ein annan diskusjon. Men her tykkjer eg Frp og Ivar Hognestad har teke tak i saker dei ikkje skal. Dette handlar om pedagogikk, og erting\/plaging\/mobbing er noko som skal ordnast p\u00e5 l\u00e5gast mogleg niv\u00e5 fortast mogleg! At s\u00e5 ikkje har skjedd er noko ein m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 i etterkant, for sj\u00f8lv skulane l\u00e6rar her. Kanskje spesielt skular som ikkje har noko opplest historie med mobbesaker tidlegare.\u00a0 Men som tidlegare nevnt&#8230;du kan vera sikker p\u00e5 at mobbing har hendt!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag rulla Stavanger Aftenblad opp ei mobbesak p\u00e5 min gamle barneskule. Kven skulle tru det? P\u00e5 min vesle skule med berre 60-70 elevar, har folk g\u00e5tt rundt \u00e5 mobba andre slik at dei til slutte endar opp med \u00e5 flytta! Det er ei nyhend eg puttar i same skuff som 9\/11 og ranet i [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[2,9,13],"tags":[482,654],"class_list":["post-1390","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-arbeid","category-personleg","category-utdanning","tag-mobbing","tag-sinnes-skule"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1390","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1390"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1390\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1390"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1390"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1390"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}