{"id":1362,"date":"2009-08-31T21:42:16","date_gmt":"2009-08-31T19:42:16","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=1362"},"modified":"2009-08-31T21:42:16","modified_gmt":"2009-08-31T19:42:16","slug":"om-kvar-skoen-trykkjer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=1362","title":{"rendered":"Om kvar skoen trykkjer"},"content":{"rendered":"<p>Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 \u00e5r sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling p\u00e5 korleis ting kan gjerast enn det l\u00e6rarane har hatt.<\/p>\n<p>No, eit dusin \u00e5r seinare, er eg sj\u00f8lv alts\u00e5 l\u00e6rar og eg vert alts\u00e5 av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen end\u00e5 sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg n\u00e5r slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt p\u00e5 same m\u00e5ten som at \u00e6rlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for \u00e5 kriminalitetsb\u00f8lgja som nokre f\u00e5 r\u00e5tne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.<\/p>\n<p>Men eg gjer s\u00e5 godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for \u00e5 utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for \u00e5 utdanna elevane. For \u00e5 gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett fr\u00e5 at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet <em>for<\/em> dei og forsvunne\u00a0 slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, s\u00e5 v\u00e5ger eg \u00e5 tru at dei p\u00e5 eit eller anna tidspunkt vil sj\u00e5 attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sj\u00f8lvsagt er der og d\u00e5, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning&#8230;alts\u00e5 h\u00f8fligheit.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.ituarkiv.no\/Nyheter\/1191999935.8.html\" target=\"_blank\">ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 l\u00e6rarar sjeldan nytta IKT i undervisninga<\/a>. ITU er ein &laquo;<span><em>nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning<\/em>&laquo;, s\u00e5 dei burde veta det. <a href=\"http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/1.6736536\" target=\"_blank\">19. august i \u00e5r legg s\u00e5 NRK skylda p\u00e5 l\u00e6rarane<\/a>. Det er l\u00e6rarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal l\u00e6ra seg er p\u00e5 slikt eit skralt niv\u00e5&#8230;<\/span><\/p>\n<p><span><strong>TULLPRAT<\/strong>, seier eg!<\/span><\/p>\n<p><span>Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje l\u00e6rarane. Fleire l\u00e6rarar enn ein skulle tru har eit ynskje om \u00e5 nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert m\u00f8tt av ei kommunalt IKT-byr\u00e5krati\/hierarki som har linjer som eit spindelvev p\u00e5 Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.<\/span><\/p>\n<p><span>Eg har end\u00e5 til gode \u00e5 treffa p\u00e5 ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips fr\u00e5 l\u00e6rarstanden, og hiv seg rundt for \u00e5 pr\u00f8va noko nytt. Ikkje ein gong p\u00e5 h\u00f8gskuleniv\u00e5 under mi fire\u00e5rige utdanning var det tilfelle. <\/span><\/p>\n<p><span>I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot d\u00e5 dei ville <a href=\"http:\/\/www.sirdolen.no\/index.php?page=forum&amp;sub=gamleleserinnlegg&amp;do=vis&amp;InnleggID=1773&amp;fra=981\" target=\"_blank\">kj\u00f8pa inn &laquo;mediumterminalar&raquo; til heile ungdomsskulesteget i kommunen<\/a>. Etter \u00e5 ha vedteke innkj\u00f8p av stasjon\u00e6re maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne r\u00e5d, inn for \u00e5 handla inn berbare datamaskinar.<\/span><\/p>\n<p><span>I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for \u00e5 f\u00e5 fram poenget om at det var <em>for<\/em> mykje sikkerheit for \u00e5 kome p\u00e5 nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei p\u00e5logging kunne ta opp mot 20 minutt&#8230;.om du var s\u00e5 heldig \u00e5 koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter \u00e5 ha gjort meg t\u00e5leg upopul\u00e6r hj\u00e5 IKT-folka p\u00e5 r\u00e5dhuset, fekk eg innvilga ei vitjing fr\u00e5 dei h\u00f8ge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, s\u00e5 vart det til slutt pr\u00f8vd ut eit nytt system for dei tr\u00e5dlause maskinane.<\/span><\/p>\n<p><span>Siste skot p\u00e5 stamma er at eg s\u00e5g meg n\u00f8ydt til \u00e5 overf\u00f8ra nokre bilete fr\u00e5 mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for \u00e5 ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste m\u00e5ten \u00e5 gjera dette p\u00e5, er \u00e5 lasta opp bileta til Google-kontoen via <a href=\"http:\/\/picasa.google.no\/\" target=\"_blank\">Picasa<\/a>. Problemet er berre at eg ikkje;<\/span><\/p>\n<p><span>a) Har lov til \u00e5 installera Picasa p\u00e5 jobbmaskina<br \/>\nb) Har tilgang til Picasaweb<br \/>\nc) Har lov \u00e5 lagra store biletarkiv p\u00e5 skulemaskina<\/span><\/p>\n<p><span><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" title=\"Diskett\" src=\"http:\/\/farm1.static.flickr.com\/153\/330155843_2cbf7546e9.jpg\" alt=\"\" width=\"288\" height=\"215\" \/>Nettopp. S\u00e5 kva vert eg r\u00e5dd til \u00e5 gjera? Det er mest s\u00e5 ein m\u00e5 ta seg saman for ikkje \u00e5 krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om \u00e5 ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller <em>diskett<\/em>. Ja du les rett. Eg vert fr\u00e5 sentralt hald i kommuna beden om \u00e5 frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.<\/span><\/p>\n<p><span>Eg tek meg sj\u00f8lv i \u00e5 undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein l\u00e6rar i den norske barneskulen ville ha kome p\u00e5 ideen om \u00e5 nytta diskett til \u00e5 kopiera bilete fr\u00e5 ei maskin til ei anna! Den p\u00e5standen v\u00e5gar eg.<\/span><\/p>\n<p><span>Kvifor skal eg vera s\u00e5 vanskeleg, i staden for berre \u00e5 kopiera bileta p\u00e5 ein minnepinne eller ei cd-plate d\u00e5? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;<\/span><\/p>\n<h3><span>Minnepinne<\/span><\/h3>\n<ol>\n<li><span>Forsvinn<\/span><\/li>\n<li><span>Knekk lett om ein er litt snar i svingen<\/span><\/li>\n<li><span>Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming<\/span><\/li>\n<\/ol>\n<h3>CD-plate<\/h3>\n<ol>\n<li>Er i ferd med \u00e5 fylgje etter diskettane<\/li>\n<li>Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt<\/li>\n<li>Knekk lett<\/li>\n<li>Forsvinn<\/li>\n<\/ol>\n<p>I tillegg til dette, s\u00e5 kjem sj\u00f8lvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til d\u00f8mes kommunikasjon, det er like fornuftig \u00e5 frakta bilete p\u00e5 portable lagringsmedium som det er \u00e5 skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!<\/p>\n<p>S\u00e5 stikk i strid med det <a href=\"http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/1.6736536\" target=\"_blank\">NRK meiner<\/a>, seier eg at det <em>ikkje <\/em>er l\u00e6rar som er flaskehalsen, men derimot byr\u00e5kratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda p\u00e5 med ei godkjenningstid p\u00e5 2 \u00e5r for programvare som skal vera tillate i nettverket n\u00e5r det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt r\u00e5d er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt l\u00e6rer ein av. Det heiter p\u00e5 fint <em>digital kompetanse<\/em>. \u00c5 unng\u00e5 \u00e5 f\u00e5 virus p\u00e5 maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert&#8230;det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell fr\u00e5 John i Kina, s\u00e5 la ver \u00e5 trykk p\u00e5 nettopp den e-posten.<\/p>\n<p><span> <\/span><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 \u00e5r sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling p\u00e5 korleis ting kan gjerast enn det l\u00e6rarane har hatt. No, eit dusin \u00e5r seinare, er eg sj\u00f8lv alts\u00e5 l\u00e6rar og eg vert alts\u00e5 av [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[2,4,13],"tags":[155,211,891,389,675,897],"class_list":["post-1362","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-arbeid","category-ikt","category-utdanning","tag-digital-kompetanse","tag-flaskehals","tag-ikt","tag-kommunenoreg","tag-skule","tag-utdanning"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1362","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1362"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1362\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1362"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1362"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1362"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}