{"id":1155,"date":"2009-03-20T17:42:47","date_gmt":"2009-03-20T16:42:47","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=1155"},"modified":"2009-03-20T17:42:47","modified_gmt":"2009-03-20T16:42:47","slug":"tryggleik-eller-nytte","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=1155","title":{"rendered":"Tryggleik eller nytte?"},"content":{"rendered":"<p>I den seinare tid har eg f\u00e5tt gleda av \u00e5 kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket p\u00e5 kroppen. Det har vore ein augeopnar for \u00e5 sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen&#8230;<\/p>\n<p>No er det sj\u00f8lvsagt ikkje slik at det er likt over alt, men dette er mine erfaringar i ei komprimert form. Min arbeidsgjevar har som mange andre kommunar i Noregs land ei sentral l\u00f8ysing n\u00e5r det gjeld IKT, og dette er i teorien ein god id\u00e9&#8230;hadde han berre fungert i praksis.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" style=\"margin: 5px;\" title=\"Den gamle gr\u00e5\" src=\"http:\/\/www.telemuseum.no\/joomla\/components\/com_datsogallery\/sub_wm.php?src=\/var\/www\/vhosts\/norsktelemuseum.no\/httpdocs\/joomla\/components\/com_datsogallery\/img_pictures\/med_F90009.jpg\" alt=\"\" width=\"263\" height=\"203\" \/>Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og st\u00f8rrelsar. Men dei av oss som hugsar d\u00e5 Br\u00e5 brakk staven, kan ogs\u00e5 hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar p\u00e5 Massey Fergusson&#8217;s Gr\u00e5tass: Elektrisk Bureau sin &#8217;67-modell!<\/p>\n<p>Dei s\u00e5g heilt like ut. Det var ikkje noko tvil om at den gr\u00e5e dingsen var ein telefon. Det var noko alle visste. Alle s\u00e5 kliss like ut. Etterkvart kom det nye modellar, og det som var hot couture ei stund p\u00e5 slutten av 80\/begynnelsen av 90-talet var: telefon med <em>trykkeknappar<\/em>. Ein kunne sl\u00e5 eit nummer p\u00e5 berre nokre sekund. Ikkje mer venting p\u00e5 at talskiva skal vende attende til utgangspunktet.<\/p>\n<p>Vi er no runda 2000-talet, og kan igjen sj\u00e5 det same. Mobiltelefonane endrar seg bortimot fr\u00e5 dag til dag. P\u00e5 slutten av 90-talet var det ikke tvil om n\u00e5r ein person gjekk med ein &laquo;diger&raquo; plastdings i handa og prata med seg sj\u00f8lv, ja s\u00e5 var det ein mobiltelefon. No til dags kan det rett som det er hende at du ser ein person som stressar att og fram i gata og snakkar med seg sj\u00f8lv. Ved f\u00f8rste augneblinken kan det sj\u00e5 ut som ein lettare sinsforvirra person, men s\u00e5 snur han seg rundt, og du fer auge p\u00e5 det vesle <em>bluetooth-<\/em>hovudsettet han har p\u00e5 det motsette \u00f8yret.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lve trykkjem\u00e5ten er og i ferd med \u00e5 endre seg til det ugjenkjennelege. Fr\u00e5 \u00e5 ha ein velkjend utsj\u00e5nad med 12 tastar, kan ein no fritt lage sin eigen utsj\u00e5nad p\u00e5 telefonane. <em>Dashboard<\/em> vert det kalla p\u00e5 godt norsk. Direkte omsett vert det <em>instrumentbord<\/em>. Ein g\u00e5r alts\u00e5 rundt med noko i lomma som h\u00f8yrest ut som noko ein finn p\u00e5 eit sjukehus, og treng \u00e5revis med utdanning for \u00e5 handtera. Og ingen av desse instrumentborda er like!<\/p>\n<p>Her kjem vi til sakas kjerne. Mantraet til alle IKT-gudar rundt omkring i stat\/kommune\/private verksemder har i lang tid vore at <em>ein m\u00e5 ha lik utsj\u00e5nad s\u00e5 folk kan kjenne seg att<\/em>. Ein grunngjev alts\u00e5 det med at ein m\u00e5 ha likt utsj\u00e5ande <em>instumentbord<\/em> med <em>brukarane<\/em> sine &laquo;krav&raquo; til gjenkjenning. Eg meiner at dette er ei heilt feil framstilling av realitetane. Kor mange handtverkarar g\u00e5r rundt med identiske verktykassar? Er det nokon som p\u00e5 alvor meiner at alle Stortingsrepresentantar har skrivepulten sin akkurat likt med tanke p\u00e5 plassering av telefon, blyant, kaffekopp og partiflagg? No har ikkje eg vore i ein fiskeb\u00e5t i heile mitt liv, men eg v\u00e5gar like fullt den p\u00e5standen at det ikkje finst ein einaste yrkesfiskeb\u00e5t der ein har nett dei same l\u00f8ysningane!<\/p>\n<p><em>Likevel klarar ein \u00e5 gjere det arbeidet ein skal om ein m\u00e5 bytte verktykasse\/skrivepult eller sjark!<\/em><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft size-medium wp-image-1156\" style=\"margin: 5px;\" title=\"Psykedelisk draum...?\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2009\/03\/winxppro-300x225.png\" alt=\"Psykedelisk draum...?\" width=\"300\" height=\"225\" \/>Difor er eg soleklar p\u00e5 det at n\u00e5r eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til \u00e5 finne informasjon i skuledagen din, vert l\u00e5st s\u00e5 til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja d\u00e5 kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja&#8230;) som st\u00f8tte p\u00e5 golvet til den alt for lealause skrivepulten.<\/p>\n<p>I skuleverket er mantraet gjerne det at <em>folk er ulike!<\/em> Det har ikkje IKT-seksjonane rundt omkring i dei best bortg\u00f8ymde kontora i Noregs land f\u00e5tt med seg end\u00e5. Eg har hatt elevar som kun kan lese p\u00e5 ein spesiell type gult papir. Eg veit om elevar som er svaksynte. <em>Me har alle ulike krav til eit verkty! <\/em>Like fullt er det ein vert servert den evinnelege\u00a0<em> <\/em>bl\u00e5\/gr\u00f8ne skjermen utan at ein kan gjere noko fr\u00e5 eller til med han. <a title=\"Kunnskapsl\u00f8ftet\" href=\"http:\/\/udir.no\/grep\">Kunnskapsl\u00f8ftet <\/a>har krav om <a title=\"Digital kompetanse i alle fag\" href=\"http:\/\/udir.no\/templates\/udir\/TM_GrunnleggendeFerdigheter.aspx?id=2098&amp;visning=5\" target=\"_blank\"><em>digital kompetanse i alle fag<\/em><\/a>. Diverre ser det ikkje ut til at ein grunnleggjande digital kompetanse p\u00e5 <em>tilsyn med verktyet<\/em>, kanskje betre kjend som vedlikehald, er noko ein vil sl\u00f8se bort tid p\u00e5 \u00e5 spreie i samfunnet. Forst\u00e5 det den som kan&#8230;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I den seinare tid har eg f\u00e5tt gleda av \u00e5 kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket p\u00e5 kroppen. Det har vore ein augeopnar for \u00e5 sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen&#8230; No er det sj\u00f8lvsagt ikkje slik at det er likt over alt, [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[4,13],"tags":[144,155,891,561,563,674,675],"class_list":["post-1155","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ikt","category-utdanning","tag-data","tag-digital-kompetanse","tag-ikt","tag-pc","tag-pedagogikk","tag-skrivebord","tag-skule"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1155","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1155"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/1155\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1155"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=1155"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=1155"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}