Tagged in: windows

Har folk eigentlig peiling?

Det er vel ikkje å ta hardt i å seie at folk flest no nyttar ei datamaskin i kvardagen. I starten av 2008 hadde 73% av hushaldningane i Noreg Internettilgang i følgje tal i frå Statistisk Sentralbyrå.

I arbeidsdagen min er eg nøyd til å forhalda meg til maskinar med Windows som operativsystem. Desse er sentralt drifta i frå kommunehuset, og ein har i realiteten lite høve til å gjera endringar på maskinane. Dei siste i rekkja som no skodar mot det som heiter open source eller på norsk: open kjeldekode, er dei Canadiske styresmaktene.

Her på berget satsar no Solhjell på å ruste lærarane med ei ekstra innsprøyting som skal gå til etterutdanning av lærarar så dei (forhåpentligvis) kan halde seg oppdatert på kva som skjer på det som det Kjell Antvort & co ved Høgskulen i Volda har no har omdefinert (nok ein gong?) som digital kompetanse i læring. (Tidlegare kjend som: IKT i læring. Kjært barn, mange namn osb…)

Kompetanse eller ei, eg trur ikkje ein kjem nokon stad med å pøse på med pengar til etterutdanning så lenge ein endar opp i situasjonar som denne.

Ein skule vert drifta frå kommunehuset. Maskinane på huset er låst ned slik at lærarane ikkje kan installereprogram på dei. Utstyr som skal på nettverket må vera førehandsgodkjent av IKT drift i kommunen. Gratis/utrangerte datamaskinar frå snille/rike/private selskap vert mao ein utopi. Lærarane har alle dokumenta liggjande på felles lagrinsstad. Lagrinsstaden held fysisk til på kommunehuset. Kva gjer då dei arme lærarane når nettverket ikkje oppfører seg slik det skal i det dei skal laga til neste vekes arbeidsplan? Nettverket blånektar sjølvsagt å montere opp stasjonen der alle dokummenta dine ligg. Resultatet er at det byggjer seg opp stor irritasjon over databruken, og ynskjet om å ta i bruk IKT i den daglige undervisninga kan vel ikkje akkurat seiast å auka!

Vel…inspirasjonen til denne vesle utblåsinga kom etter å ha sett ein video der ein blindtestar brukarar i Sydney. Dei vert presentert for det “nye” operativsystemet til Microsoft…nemleg Windows 7.  Det testpersonane ikkje veit, er at det dei ser på er det gratis tilgjengelege (litt feilaktig kalla) operativsystemet Linux. Videoen stadfestar vel ein del av dei ideane eg går og ber på når det kjem til menigmann si kjennskap til IKT.

Virus i det offentlege

Januar månad har vore prega av influensa på fleire frontar. Google svarar med 109 artiklar som inneheld ordet “influensa”, og det berre i løpet av den siste månaden. (Til samanlikning gjev ordet “finanskrise” 492 treff medan “snåsamannen” ender på 287.) Ærleg talt må eg seie at eg er temmeleg lei alt dette. Men folk har vondt for å læra! Når influensaen breier om seg, er det normalt å ta førehandsreglar. Eldre folk vert oppmoda om å ta influensavaksine, medan det på arbeidsplassen kanskje dukkar opp desinfiserande væsker slik at ein kan unngå smitte!

Det er kun litt over ei veke sidan sist eg skreiv om dataviruset “Conficker” og korleis Rogaland fylkeskommune vart tekne med buksene nede midtvinters. Fredag (30/01/09) denne veka kunne NTB melde at også Nord-Trøndelag hadde vorte råka av virus. Det same viruset. Ein kan undra seg om fylkeskommunane kommuniserer.

Informasjonssjef i Nord-Trøndelag fylkeskommune seier til NTB at dei var “så godt beskyttet som de trodde var mulig i forkant av angrepet.” Eit underleg utsagn med tanke på at viruset faktisk slo ut 6500 datamaskinar. Hadde ein vore så godt sikra som mogleg mot viruset, ville ein kanskje sett inn ei av dei mange løysingane mot viruset som finst! Men likevel vert ein altså råka.

Kor mykje kroner og øre ein nyttar i året på å reparera system etter at dei har vorte infisert av virus finst det kanskje tal på? Det hadde uansett vore interessant å sett ei oversikt over dette og samanlikna med ein overgang til eit gratis operativsystem som til dømes Ubuntu/Linux Mint/OpenSuSE/Skulelinux/Fedora/Debian/Mandriva eller liknande.