Tagged in: whole brain teaching

Klasseromsmiljø

I helga nytta eg fridagane til litt etterutdanning. Ikkje av den formelle typen sjølvsagt, men av det ein kan kome over på det store Internettet. Stikkorda er: “Whole brain teaching“.

Whole brain teaching er ein teknikk for å få ro og orden i klasserommet og samstundes gje elevane moglegheiten til å få utfalda seg på ein meir barnsleg måte. Standarden i dei fleste norsk klasserom er vel i stor grad å nytta ordenskryss eller be elevar vere stille om dei sit og småsnakkar, vandrar rundt i klasserommet eller på andre måtar ikkje maktar å falle inn i dei reglane som gjeld på skulen.

Eg vil påstå at det Chris Biffle har kom opp med er ein revolusjon! No har jo eg ei beskjeden rekke med praksisår bak meg i skuleverket, så for alt eg veit kan dette vera noko andre har tenkt tidlegare. Men for meg er dette heilt nytt, og revolusjonerande.

Å seie det eg har skrive over no, tek vel omtrent den tida det skal ta å lesa med whole brain teaching. Difor vil eg ikkje skrive så mykje meir no, men i staden be deg om å sjå dei filmane (8 stykk) som er å finne nedanfor. Etterpå hadde det vore flott om du hadde teke deg tid til å skrive nokre ord om dei tankane du sit att med etterpå. Er dette bra, eller ikkje heilt passande i den norske skulen? Som dei seier på engelsk…you tell me!