Tagged in: tidsbruk

Rett verkty

I dag tok eg tida på kor lenge det gjekk frå eg slo på datamaskina mi på arbeid, og til ho var klar til bruk. Klokka stoppa på 6 minutt. Så restarta datamaskina att av seg sjølv utan at eg heilt veit kvifor. Difor tok det 6 nye minutt.

Eg kom difor til å tenkje på ein ting. Dersom eg er snill så tek det meg seks minutt å starte opp mitt nest viktigaste arbeidsverkty kvar dag. Det vert 30 minutt i veka, eller 120 minutt på ein månad. På eit år kjem ein altså opp i 1200 minutt. Det er 20 timar. Og før du kjem med akkura den innvendinga. Joda…eg kan gjere noko anna desse minutta. Men det er ikkje poenget akkurat her og no.

Ut i frå ei timeløn på 100 ,- i timen, kjem altså prislappen på mine dyrebare minutt på morgonkvisten på 2000 ,-. Det er berre 700 ,- mindre enn ein liten smekker Asus Eee. Legg ein til dei ekstra minutta eg med ujamne mellomrom må vente ekstra på grunn av uventa omstartar, så tenkjer eg at desse kronene er dekka inn og.

Poenget mitt er at eg er hakket frå å bestilla meg ein berbar datamaskin, for deretter å sende rekninga til min arbeidsgjevar! Dette har fleire fordelar:

  • Mindre frustrasjon for arbeidstakar
  • Meir fleksibilitet i og med at ein slik berbar omtrent kan puttast i baklomma
  • Mindre farting att og fram til kontoret
  • Betre tilhøve for effektivt samarbeid med andre enn dei ein deler kontor med
  • ++

Skal, skal ikkje. Skal, skal ikkje….

Ps. Etter dei to forsøka på å få arbeidsverktyget mitt i gang, starta han på ny ei tredje gong. Men etter det var han rimeleg stabil resten av dagen.