Tagged in: skolesatsing

Arbeidsløyse?

Finanskrisa bringer med seg stor arbeidsløyse. Det kan ein lesa rundt omkring overalt der ein snur seg om dagen. Coca-Cola seier opp fleirfoldige tilsette delvis på grunn av finanskrisa, Eramet i Sauda permiterer over ein lav sko…ja det er heile 20.500 fleire arbeidsledige i registra hjå NAV no enn det var på same tid i fjor! NRK melder også om at 174 fleire sørlendingar no går på trygd enn det som var tilfellet for eit år sidan. Dette tilsvarer 13,1 prosent av Vest-Agders innbyggjarar.

I grevens tid kjem regjeringa med ei vitamininnsprøyting. Ei krisepakke der mange, i følgje sjeføkonom i LO Stein Reegård, vil få ny jobb. Det triste er at når han seier det, tenkjer han fyrst og fremst på bygg- og annleggsbransjen. Den same regjeringa har vistnok gått inn for ei satsing på skule og utdanning. Det skulle ein ikkje tru når resultatet er at skular rundt om i Noregs land vert lagd ned. I staden for å oppretthalda små skular, satsar ein no i staden på grandiose utdanningsfabrikkar. Eg meiner ein slik tanke er totalt feil! Eg ser med gru på den utviklinga som breier om seg med større og større skular, der ein har klassar som er større og større. “Spare pengar” er det jamne mantraet ein høyrer. Gong på gong. Trass i at regjeringa jo som eg allereie har nemnd satsar på utdanning.

Tilbake i juni 2007 skreiv eg nokre tankar omkring den lærarmangelen som då var. Det kunne vore interessant og sett tal på kor mange fleire lærarar det har kome pr. elev i skulen sidan då. Eg fryktar at det er mindre no enn då! Men det har like fullt vorte satsa på utdanning. Då spør eg meg sjølv; kven stikk av med pengane?

No er det altså krisetid og fleire og fleire står utan jobb for kvar dag som går. I skulane trengst det lærarar, og som eg tidlegare har nemnd har nok mange utdanna forsvunne over i privat sektor. Difor er det litt skremande at det er så mange ledige jobbar. Når ein ikkje får ein einaste søkjar til ei fast stilling som lærar er eg redd det kan tyde på at mange som kanskje har ei lærarutdanning heller sit på gjerdet framfor å gå attende i læraryrket på bakgrunn av dei erfaringane dei gjorde seg då dei var aktive lærarar.

Det skulle kunne gå ann å tru at tilhøva har vorte betre med tanke på satsinga frå regjeringa. Diverre kan det sjå ut som om det for det meste har vore eit spel for galleriet. Spesielt med tanke på at dei som skal handtera arbeidsløysa ikkje ein gong har råd til å ha nok tilsette på jobb!