Tagged in: sauefort

Sauefort

Det er ikkje berre frå den internasjonale arenaen at kampen mot sauedrift i Noreg vert utkjempa. Også i dalstroka innafor er det nokre som driv ein innbitt kamp mot desse ullkledde firbeinte. Men fyrst, ei lita historisk innføring.

I alle år har sauar frå alle Sinnes’ gardsbruk hatt sumarbeite på same staden. Etterkvart har fleire og fleire gardsbruk bytta ut gardsdrifta med andre syslar, antan dette nå er hyttebygging, menneskeleg utvikling eller turisme. Resultatet av dette er jo sjølvsagt at kyr og sauer som måtte bidra til ei meir levande bygd vert sendt til næraste slakteri. Det medfører også at utmark og innmark gror til. Og det medfører at det som tidlegare var bønder med tilhøyrande gjerdeplikt, no ser på denne plikta som bortfallen. Resultatet då vert at gjerdene ikkje vert sett opp der dei har vore før, og sauer finn det då for godt å ta turen heim frå sumarferie og ned til sentrum av Sinnes der det jo som kjent skjer!

Når så desse firbeinte kjem traskande heim, så er ein som tidlegare bonde ikkje lenger førebudd på dette, og gjerda er altså ikkje til stades. Ein fer då sauene inn i hagen, opp på trappa og alle stader der ein sjølvsagt ikkje ynskjer dei.

Eg kan ikkje seie anna enn at eg tykkjer synd på min stakkars nabo som har sett seg så blind på at han plent ikkje skal gjerde der han har gjerdeplikt (2-300 meter). I staden erigerer han digre byggverk rundt heimen for å halda sauene ute, set straumgjerde MINST like langt som han i utgangspunktet hadde trengt å gjerde og flyg elles rundt til alle døgnets tider for å jaga dei unna. Men noko må ein vel ha å gjera når ein kun driv med turistar. Desse er det jo ikkje akkurat flust av i Sirdal om sumaren!

Og for å “toppa heile driden”, så hjelper jo diverre ikkje “fortet” i det heile. Ein kan lure på kor mange sumrar han har lyst å springa etter dei. Kanskje kan det selgjast som ein billeg treningsform for turistane som er buande i campingvognene(hyttene)?

PS. På bileta er det altså meininga at sauane skal gå på andre sida av barrikadar og straumgjerdet.