Tagged in: postkort

Fleirbruk

Etter å ha scanna inn ei heil rekke postkort som min farfars bror sirlig har samla i eit album på tidleg 1900-tal, sit eg att med eit knippe julekort.

Det var ikkje nok til å laga ein julekalender av dei, men ein liten føljetong fram mot jul (og nyttår), ja det kan ein jo få til.

Eg tek til med eit som er litt malplassert med tanke på høgtid. Men avsendaren har gjort det beste ut av det… Eg trur ikkje tip-ex fans då…