Tagged in: opphavsrett

Opphavsrett på nett, rett og slett

Eigentleg hadde eg tenkt å skriva litt om ungdom, chattespråk og digitalhistorie inspirert av Liv Marie Schou. Men etter ei interessant hending i dag vert det i steden fokus på eit anna område som er vel så interessant. Bruk av bilete og opphavsrett.

Ein tur innom datarommet på skulen i dag gjorde at eg sette i gang litt funderingar omkring det med opphavsrett på nett. Ein har inntrykk av at born/ungdom no til dags “er så gode på data“. Sjølvsagt er det ikkje tvil om at dei fleste nok er i stand til å kommunisera med vener med hjelp av data. Dei fleste er nok også i stand til å lasta ned musikk, bilete og video…lovleg og ulovleg.

I dag fekk eg ikkje berre eit ekspemel på at det, trass i ein skinndigital kompetanse, nok er ein god veg å gå endå. Eg stilte spørsmålet “har du lov å nytta dei bileta” til ein elev som var i gang med å laga ein presentasjon av ein av sine favorittartistar. Ryggmargsrefleksen til eleven vart med eitt aktivert, og eit soleklart ja, vart presentert for meg.

Ok. Her var det ikkje anna enn å omformulere seg. Eleven trudde tydelegvis at eg stilte spørsmål omkring innhaldet på bileta. Eit forsøk til vart gjort. Same reaksjon. Då eg for tredje gong forsøkte å hinta til eleven om han hadde lov å nytta bileta, fekk eg seks par auge mot meg…som om eg skulle vere ein pensjonist. Nokre bortgøymde glis av denne forvirra tullebukken av ein lærar var og å spora. Djupt pust.

Så moralpreika. Sjølv om bilete ein finn på internett er lette å kopiera inn i ein lysbiletepresentasjon, er det ikkje sjølvsagt at ein har anledning til å nytta seg av desse. Vil eleven finne på å ta med seg varer i ein butikk utan å betala for dei? Nei, sjølvsagt ikkje. Forsøker vidare å forklara at det at bileta er tilgjengelig på nettet ikkje automatisk tyder at ein kan nytta desse som ein vil. Og så kjem gullkornet; “det finst noko som heiter opphavsrett og lisensar.”

Nye himlande blikk. Men denne gongen hakket meir spørjande. Eg tek sjansen og køyrer på. “Sjå her”, seier eg og vrenger opp det eg har av memoriserte nettstadar for søk på lovlege bilete. Eg viser dei litt. Let dei prøva litt sjølv.

Elevane (5.trinn) ser ut til å skjøna no. Dei oppfattar omsider at eg har eit poeng i innblandinga mi. At eg, tru det eller ei, kan noko om det eg snakkar om. Ein elev seier vel det dei fleste blandt dei tenkjer.

Eg visste ikkje at det var noko som dette. Trudde ein berre kunne bruka det som ligg på Google.

Vel. Her er det Google sjølve seier om bruk av bilete, og som står under alle bilete ein får opp når ein søkjer etter med søkemotoren Google (for bileta ligg sjølvsagt ikkje Google);

Image may be subject to copyright.

Ikkje den mest finleste setninga på verdsveven vil eg tru. Men tru meg. Det står der! Meir om dette frå Google sjølv, kan ein lese her.

Creative Commons er ein verdsomspennande organisasjon som gjer ein flott jobb for å laga ulike lisensar for at ein nettopp skal kunne vite kva ein kan nyttegjere seg av frå internett. Dei har laga seks ulike lisensar, og Gisle Hannemyr har omsett ein flott gjennomgang av kva det vil seie at noko er underlagt det som heiter Åndsverklova.

Dermed…neste gong du treng eit bilete til ein illustrasjon. Ver sikker på at du har anledning til å nytta det!

NRK inn i skulen

Det finst utan tvil dei som har fått tildelt betre fortellarevner enn meg. “Slik er det, og slik har det alltid vore” som Jon Fosse ville sagt det. Når eg då ikkje heilt når opp til dei høgder som ein gjønomsnitteleg standupkomiar gjer, må ein søkja andre arenaer å formidle bodskapen på. Og det er det eg forsøker å gjera med min bruk av IKT i undervisninga.

For det finst mykje flott på Interwebben! Ikkje minst radioprogram. For tida er eit tema på skulen norske rovdyr. Tilfeldigvis høyrde eg ei reportasje på NRK’s “Verdt å vite” for nokre veker sidan om akkurat det. Eg tenkte med ein gong eg høyrde det at dette måtte jo vera fantastisk å få brukt i ein undervisningssituasjon! Problemet er berre ei lita sak som heiter “opphavsrett”. NRK sit jo sjølvsagt på alle rettane til programma dei lager og sender ut på eteren. I utgangspunktet kan eg sjå for meg at ein kommersiell aktør som sjølvaste Rikskringkastinga ikkje ville vera særs begeistra over å at åndsverket deira vart redigert om ein annan av ein tilfeldig grunnskulelærar. Eg tok likevel sjansen, og sendte avgårde ein e-post til Verdt å vite-redaksjonen der eg hinta litt frampå om det kunne vera ein mikroskopisk sjanse for at eg kunne nytta dette materialet i undervisninga. Resultatet var gledeleg overraskande!

Så ein hjarteleg stor takk til Hr. Grydeland i NRK. Hadde ein berre organisert dette frå Statleg nivå så samtlege lærarar i Noregs land kunne nytta seg av materialet som NRK produserer, trur eg at me kunne sett mykje flott i skulen, og kanskje også sett ein framgang i resultata. For eg ser i alle fall det med mi klasse…dei fylgjer mykje betre med når det er ein video som vert avspelt enn når eg står og teiknar og forklarar. Men dette er berre ein særs subjektiv observasjon. Kan hende tek eg feil…