Tagged in: open office

Skulen attende til “opne” landskap?

Digi.no har i dag ein artikkel som syner at nokre kommunar tør ta steget fullt ut og satse på åpen programvare. Dette tykkjer i alle fall eg at er flott. Kommunane vel OpenOffice framfor Microsoft Office. Såvidt eg kan forstå, vil operativsystema endå vera Microsoft XYZ. Men det er då eit steg i rett retning.

Ut i frå det som står, kan det synast som om motivasjonen for å velgje OpenOffice er grunna i det økonomiske. Eg vonar at dette ikkje er den einaste grunnen til at kommunane vel å gå over til dette, men ser sjølvsagt at dette er det fokuset som er letast å “selje” utad. At ein vil kome til å nytte seg av opne format, vert, er eg redd, litt for teknisk grunngjeving for at det skal vera ein god nok grunn. Men i mange tilhøve kan det nok vera det likevel.

Min fyrste kontorprogrampakke var Microsoft Works. Det kom på 7 gråe diskettar, og var himmelriket i samanlikning med Microsoft Wordpad. Eg lagra alle mine skuleoppgåver i Works (Microsoft) sitt eige format, wps. Dette var på ungdomsskulen. År seinare fann et att nokre diskettar eg hadde frå den tida, og eg skulle åpne opp dei filane som var på dei. Eg hadde då ein tjuvkopiert Microsoft Office 2000-versjon. Fint og flott var det, men støtte for wps-filer var det ikkje. Det kryptiske eg fekk opp sa meg ikkje mykje. Men her er vi med poenget. Når ikkje eingong same firma klarar å la seinare utgåvar av liknande programvare lese tidlegare tiders versjonar og filformat av di dei er proprietære (lukka), korleis skal ein då forvente at det skal kunne gå?

Såvidt eg har fått med meg, tillet i det minste siste versjon av Works å lagre i doc-format. Om ein kan lagre i docx-format, det siste formatvalet til Microsoft, ja det skal eg ikkje uttale meg om.

Og sidan me er inne på åpne format og fri programvare…her er eit forslag til ein betre PDF-lesar enn Adobe Acrobat; Foxit Reader!