Tagged in: olje

Bønder i by’n

Det er ikkje mykje reklame ein fer med seg utan fjernsyn i hus, men ein har eg fått med meg; Felleskjøpet sin “Bønder i by’n”.

Det er noko med han som skurrar.

Opninga er flott og fin, med stemningsskapande musikk a’la temamusikken til “The Rock”. Sjølv skriv dei;

“reklamefilm for Felleskjøpet Agri. Mange John Deere traktorer med i filmen. Målet med filmen er å gjøre Felleskjøpet og vår fagkunnskap kjent i forbrukermarkedet, samtidig som vi skaper stolthet hos våre medlemmer og ansatte.” – Youtube, 30.05.2012

Som landbruksorganisasjon, eigd av 43.000 bønder som nyttar livet sitt til å laga mat til oss som ikkje gjer det, veit eg ikkje kor stolt eg hadde vorte av ein slik film. I filmen vert nemleg følgjande produkt framheva:

  • traktorar
  • fiskars kuttesaks
  • støvlar
  • motorsager
  • plenklyppar
  • hekktrimmar
  • kunstgjødsel
  • hundemat
Med hederleg unntak av hundematen (vonar eg?) er alle produkta over oljeprodukt. So much for Felleskjøpet Agri sin “grøne” profil. Det kunne like gjerne vore ein reklame sponsa av Statoil. Dei har jo sitt å stri med når det gjeld tvilsomme reklamar i frå før.

Felleskjøpet Agri, eit rotnorsk “grønt” selskap, eigd av 43.000 av dei 45.499 gardsbruka som fanst her i landet i 2011, er altså tufta på det det same som størsteparten av resten av det norske samfunnet så slumrande kviler seg på no til dags: olje.

Det må vera det som er å vera bondefanga.

Energiillusjon

I mange år no, har olje vore den vestlege verdas heroin. Utan olje vil vesten mest sansynleg stå framfor ein situasjon som fer konflikta i Midtausten til å bleikna.

For to år sidan var den daglege av olje, og slik sett også det daglege forbruket av olje, det same som om ein skulle ha 22 milliardar slavar som arbeidde 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, året rundt.

No kan ein sjølvsagt påpeike det at heile verda er på oljekjøret. Men ingen er så ute på skråplanet, så fråkopla frå den verkelege verda som me her i vesten.

Teknisk Ukeblad har i dag ein artikkel der dei set søkelyset på kor miljøvennleg ein elektrisk bil eigentleg er. Drivstoffet kan nok kanskje vere produsert frå regnvatn i dei norske høgfjella (kor reint er eigentleg det?), men ein kjem likefullt ikkje utanom det faktum at ein treng ein del ressursar for å laga batteria som lagrar den elektriske krafta.

Det same er også tilfelle når det gjeld solcellepanel. Energikjelda er det endå ikkje nokon som har fått privatisert, men det er gjerne berre eit spørsmål om tid, på same måte som ein har teke patent på visse frø eller gjort vatn til eit produkt som internasjonale selskap kan ta seg betalt for? Uansett treng ein material for å produsera solcellepanela.

Først av alt kjem kvartsen. Den skal utvinnast og knusast. Dernest vert silisium vidareforedla frå kvartsen gjennom det som er kjend som Siemensprosessen, der ein varmar opp kvartsen til drøye 1150 grader celsius, noko som frigjer silisiumet i 99% rein form. Alt dette krev enorme mengder med energi i produksjonsrekka.

Det ser med andre ord ut som om me er i ferd med å erstatta vårt oljesug, med ein energiform som ikkje er så reint lite energihungrig sjølv. Så kva er det eg seier? Skal vi attende til 1800-talet? Kanskje det er det som trengst. Ein skikkeleg smell, utan at det vert overdose.

Det som er interessant her er jo ikkje nødvendigvis kva eg tenkjer…men kva me tenkjer. For det blir me før eller seinare nøydt til.