Tagged in: mobiltelefon

Eigd av Apple

Då har eg teke steget og vorte ganske så tett knytta til Apple Inc. at eg veit eigentleg ikkje heilt om eg likar det! Eg har kjøpt meg iPhone. Det er jo ein fantastisk ting denne iPhonen. Mobiltelefon, e-postlesar/skrivar, nettlesar, kamera, GPS, musikkspelar, lydopptakar, videospelar, adressebok, fjernkontroll, spelemaskin, musikkbutikk og mykje, mykje meir. Alt i ein dings som ikke er særleg mykje større enn ein kortstokk.

Det er mest litt skremande. At det å kjøpa seg ei song, eller ein CD, har vorte noko ein gjorde når ein ei sjeldan gong var til byen sånn ei gong på 90-talet, medan ein nå berre kan dra opp “mobilen” av lomma og klikka på ein knapp for så å kunne høyra Ari Hest senda lydbøgljer ut i din nærleik kun få minutt etter.

Og det var nettopp det eg gjorde i dag. Eg gjekk til innkjøp av mi fyrste lovleg kjøpte song ved hjelp av iTunes. Det var ein song av eit engelsk band med vokal av Thomas Dybdahl som eg høyrde i burdsagskalas på Tonstad i helga. Bandet heite “Morcheeba” og er absolutt noko ein kan ta ein nærare kikk på!

Elles er det vel det å seie etter nokre dagar med ny mobiltelefon at det har vore eit fantastisk fint år utan mobiltelefon. For dei som trur at det er umogleg…det er det ikkje. Litt andre måtar å gjera ting på må ein nok rekne med…avtale ting på førehand og ikkje kunne rekne med å vere alle stadar på ein gong. Men akkurat dette har jo ei positiv side! Som Lord Chesterfield sa det;

There is time enough for everything in the course of a day if we do but one thing at a time, but there is not time enough in a year if we try to do two things at a time.

Og det at eg har fått mobiltelefon att har eigentleg ikkje endra så mykje.  Det vesle eg har nytta telefondelen av dingsen er stort sett til å testa ut høgtalarane på han, samt det medølgjande hovudsettet med mikrofon på. Det er bluetooth på han og, så i går kveld sat eg her på sofaen i den nye leide leiliheita mi og prøve å nytta han som ein taletut for Skype. Akkurat i går fekk eg det ikkje til, men i teorien skal det kunne gå.

Eg er altså alt i alt særs godt nøgd med mitt nye kjøp og gler meg verkeleg til å ta han meir og meir i bruk utover sidan han er så himla effektiv! 2300,- i innkjøp og eit månadleg abbonement på snaue 400 kroner gjer han jo ikkje til verdas dyraste telefon heller…for dei som måtte tru at han kostar skjorta og litt til.

Eg har ikkje mobiltelefon

Eg har ikkje mobiltelefon. Det vil sei. Eg har telefon, men han er ikkje mobil. Etter at eg gjekk rundt i kajakk i mai i fjor har eg levd det herlige 80/tidleg 90-tallslivet om att. Og det er flott. Ting vert ikkje så stressande.

Eg har fått mange reaksjonar som følgje av dette. Men det viser seg no at eg slettes ikkje er åleine om dette. Her er nokre reaksjonar frå detectiveyeti.com med ulike reaksjonar (sortert etter årstal):

Typical Reaction to the Revelation That I Do Not Own a Cell Phone, By Year

1998: Solidarity (“Yeah, me neither–I hate those things!”)

1999: Envy (“Lucky you; I had to get one for work.”)

2000: Indifference (“Okay, what’s your home phone number then?”)

2001: Encouragement (“You should get one–you can play Tetris on them now!”)

2002: Confusion (“I thought you were, like, a tech guy.”)

2003: Sympathy (“They’re getting pretty cheap. You’ll be able to afford one soon.”)

2004: Irritation (“So how am I supposed to get a hold of you?”)

2005: Derision (“If we go out tonight I’ll send you a fax.”)

2006: Skepticism (“Are you serious?”)

2007: Awe (“Wow, you’re like the last one.”)

2008: Incomprehension (“You don’t … how …?”)

Men til alle som måtte lure. Om ikkje lenge skal eg få meg ein. Ikkje ein tilfeldig ein sjølvsagt…ein som gjev meg litt meir.