Tagged in: linker

Kålla åt broderfolket

Ironien ligg tjukt utanpå. Øystein Johannessen blogga alt rundt juletider i fjor om at svenskane kikkar over grensa til Noreg. Heldigvis var han også påpasseleg med å nemna at me ikkje må gløyma å sjå på kva svenskane finn på. For broderfolket har noko som ikke me har…eit høveleg system der ein kan finna gode ressursar på nettet alt etter tema. Dei er i det heile teke langt framme når det gjeld IKT synest det som.

Eg undrar meg litt over om det verkeleg er satsing på skulen og IKT me held på med her til lands, når det som skil gode moglegheitar for pedagogisk opplæring på og med IKT, er firkanta byråkratar og reglar i kommunenoreg! Eit døme frå røynda;

Eg slit med å få 26 datamaskinar på nett samtidig. Eg har 26 elevar. Eg har oppretta 26 Gmail-kontoar til desse, og dei er allereie i god gang med å læra seg korleis dei nyttar seg av dette nye vektyget. Ein elev kunne mellom anna fortelje meg dette i ein nettpratsamtale eg hadde med han inne på Gmail:

Elev: det e konge me gmail

Slikt varmar. Det som derimot ikkje varmar er når eg vert sittjande å feilsøka og oppdatera datamaskinane i to skuletimar medan elevane gong på gong på gong på gong spør meg om eg kan hjelpa dei med å koma inn på maskina. Ein skulle tru auga dei limte på julekorta her om dagen var deira eigne, for eg sit jo midt i ein haug med maskinar som eg allereie slit med å rekkje over før dei to datatimane dei eigentleg skulle ha er over.

Det er trist at alt strandar på sikkerhet og ein manglande trådlaus router til nokre hundre kroner. Ein kan sjølvsagt ikkje ha ope trådlaust nett av ein eller annan grunn. Og ein kan heller ikkje har kva slags trådlaus routar. Nei…ein spesiell må det vera! Ein som kostar så mykje at ikkje ein gong høver inn på ynskjelista til skulen på denne sida av 2010. Satse på skulen??

Men attende til kva svenskane gjer. I dag leverte Foxit Reader meg fylgjande lenkje. Sebran frå Wartoft Software. Marianne Wartoft er ein programutviklar som sidan 1995 har utvikla pedagogisk programvare. Fyrst som shareware, men etterhvert har ho gjort alle programma sine gratis! Det beste av alt er at til dømes Sebran er tilgjengeleg på norsk og. Og dette må me altså til Sverige for å finna?

I tillegg kom eg også over ei fantastisk kjelde til pedagogisk digitalt materiale. Länkskafferiet er jo som ein formel 1-bil å rekna i høve til vår eigen Fiat Punto…eller skolenettet.no som dei i Utdanningsdepartementet har velt å kalla det. Nei Solhjell…her må du kasta sølvpussekluten og ta fram ein skikkeleg skureklut. For det trengs ein oppvask av solide dimensjonar! Og eg har løysinga for 26 av desse håpefulle. Det er berre det at dersom dei skal få merka noko til denne satsinga før dei vaknar opp att frå russefylla, så treng eg nok hjelp frå oven.