Tagged in: lærar

Lærarevaluering

Som eit siste lille sprell før sumarferien, valde eg å halde ei undersøking blandt foreldra til borna som eg har vore lærar for i år. Vurdering er jo så i vinden nå om dagen. Samtlege heimar har hatt tilgang på datamaskin, og eg har difor i stor grad kommunisert med heimane vha e-post.

No, etter at eg har teke sumarferie, våga eg å opne dokumentet for å sjå på tibakemeldingane eg har fått. Av mine 18 elevar er det kome inn svar i frå 10 av dei. Det er eg særs nøgd med.

Elevane mine, som no er ferdige med 1. klasse (huff, kor tida går), fekk på eit tidleg tidspunkt sitt eige brukarnamn og passord til skulens læringsplattform. Der har med kvar veke hatt ei digital lekse som dei skulle ferdigstille på lik linje med skrive, lese og rekneleksene. Det har ikkje vore anna enn ein ubetinga suksess! Mykje av grunnen til det, trur eg nok eg kan skulda på mi fantastisk flott foreldregruppe, som har sørga for å fylgja opp denne leksa minst like godt som dei meir tradisjonelle leksene.

Leksene har vore alt i frå å skrive bokstavane i alfabetet med stor høgd, skrive ord med bokstaven r, skrive om eigne opplevingar og til sist å laga idélister til sommarferieaktivitetar. Det har vore kjekt å laga oppgåver, og det har vore kjekt å sjå kva svar dei har kome fram til.

Det har dog vore ei avgrensing. Me har hatt ein profil for elevane som er av den bernevennlege typen. Av den grunn, har ein ikkje hatt moglegheiten til å la elevane få tilbakemeldingar på det arbeidet dei har gjort. I alle fall ikkje med hjelp av læringsplattformen sitt verkty for dette. Heldigvis vil dette endrast neste år, når profilen til elevane vert endra til ein meir funksjonell ein.

Men tilbake igjen i frå digresjonen. Eg ville sei noko om tilbakemeldingane eg fekk av dei føresette. Eg bad dei kome med ein ting dei var nøgd med, og ein ting dei kunne ønska seg at hadde vorte gjort betre/annleis. Og eg er mildt sagt overvelda. Av alle svara var det kun to negative svar. Eg er ikkje ein gong sikker på om dei er negative, for eg er hjartans einig i dei.

Det eine var at meldingsboka (i papirform) kunne ha inneheldt meir kommunikasjon. Det er eit poeng som er på sin plass, for eg har ikkje vore flink til å følgja opp denne.

Det andre var at eit foreldrepar sakna meir skulefaglege tilbakemeldingar. Det finst inga unnskyldning om eit foreldrepar opplever at dei ikkje mottek slikt. Det er arbeidet mitt å gjera nettopp det. Diverre er det ikkje konkretisert meir spesikfikt, og sidan undersøkinga var anonym er det også vanskeleg for meg å veta kvifor ein elev det er snakk om. Eg kan berre forsøke å ta dette til meg til neste runde, og gjere det betre då. Det må vera eit mål!

Og her er nokre eksempel frå resten av svara:

– Fint å få tilbakemeldinger skriftlig og muntlig.
– …oppgavene med en liten film snutt på itslearning og tradisjonelle læremåter er motiverende.
– [Han] har gjennom hele året vært veldig motivert og viser stor interesse for det han lærer.
– Vi synes det er positivt at du bruker alternative måter å lære ungene,  ikke bare inne i klasserommet men og ute i naturen.

…for å nemne nokre. Kva kan ein seie, anna enn: TAKK!

Dette må vera den beste inngangen til ei avspaseringsperiode som ein lærar kan få. Det er jammen godt at det er ei stund til skulen tek til igjen, så ein kjempekry lærar kan få jekka ned egoet sitt eit par hakk.

Og slik går altså dagane…lærarkvardagane. Er det rart eg tykkjer at eg har eit flott yrke?