Tagged in: kredittkort

Pengar på e-post

Eg har tidlegare vore temmeleg irritert på banken min, SR-Bank. Å få tilbod i posten ein ikkje har bede om passar seg ikkje for ein som ynskjer å framstå som profesjonell.

No er dei i gang igjen. Denne gongen på e-post. I dag tidleg mottok eg ein e-post frå SR-Bank. I denne kunne dei stolt tilby meg, som ein av deira “gode kunder”, 20.000,- ekstra med deira SR-Bank Gold.

Noko meir fascinerande skal ein leita lenge etter. Her har eg i alle år vore flink og spara, har aldri hatt eit levesett som skulle tilsei at eg skulle måtte trenge 20.000,- ekstra, og…har alltid hatt pengar på konto. Likevel innbiller altså SR-Bank seg at eg treng dette søppelet dei sprer om seg med!

Når SR-Bank sender meg spampost på denne måten, er dei med på grave si eiga grav. Eg har ikkje bede om slike tilbod, men har tvert om skrive meg inn i Brønnøysundregisteret si ordning for resrvasjon mot reklame.

Hadde SR-Bank halde seg for god for slike stunt, ville ikkje lurendreiarar hatt det så lett. For støtt og stadig kan no media melde om svindlarar som gjev seg ut for å vera SR-Bank. Så for dykkar eigen del SR-Bank: dropp søppelposten! Både den analoge og digitale.

For tort og svie tek eg gjerne i mot betre rente på sparepengane mine.

SPAREbank 1

I september fekk eg brev i posten i frå SpareBank 1. Overskrifta lyd;

“Lik PIN-kode på alle dine kort fra SpareBank 1”

Med vennleg helsing i frå Trond Støldal, “marknadsansvarleg kredittkort”, som det heiter.

Dett er mitt svar til Trond Støldal på brevet eg fekk i postkassa. Med vennleg helsing.

For det fyrste så kan eg berre fortelje den gode Trond at eg allereie har eit kort hjå SpareBank 1. Så utgangspunktet for å sende brevet er jo strengt tatt feil.

Men sjølvsagt handlar det ikkje om å samle PIN-kodar. SpareBank 1 passar kanskje på pengane mine, men dei vil også gjerne at dei skal bli sine. Difor kan eg no få eit SpareBank 1 GOLD-kort. Kor forlokkande.

“Med et kredittkort har du en reserve uansett behov og anledning.”

Jo takk, Trond. Det tvilar eg ikkje på. Men utgangspunktet mitt for å ha pengane mine i SpareBank 1, er jo nettopp at eg skal kunne ha dei ein trygg plass, som ein reserve eg kan nytta meg av…”uansett behov og anledning”. Har det vorte gjort endringar i policyen til SpareBank 1 som gjer at dette ikkje er tilfellet lenger?

Forøvrig vil eg nevne at eg for lenge sidan har reservert meg mot reklame. Det oppmodar eg andre om å gjere også. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje SpareBank 1 kan respektere dette slik andre må. Det er vel ikkje slik at berre av di eg har pengane mine i SpareBank 1, så er reklamereservasjonen oppheva?

Det er også eit poeng, at det i det medfølgjande søknadsskjemaet har vilkåra for å få tilsendt kredittkort fått særs lite fokus. Heilt anonymt, utan fargar og bilete, bak det som strengt tatt er siste side, kan du lesa  om kva vilkår som gjeld. Du får også presentert eit tenkt eksempel på kva du må ut med om du nyttar deg av tilbudet. Kor realistisk dette er skal eg ikkje seie noko om. Det får stå for SpareBank 1 si rekning.

Om eg ein dag vil ha kredittkort, kjem eg i banken og spør. Og skulle eg gjere nettopp det, så vil eg helst at nokon skal sjekka at ingen helt eit våpen mot meg FØR det vert levert ut ei slikt kort, for det vil etter alt sannsyn ikkje vera av eigen fri vilje eg er der.

Så altså…takk, men nei takk!