Tagged in: innstilling

Nyhender i dagens mediebilete

Øyvind Solstad bloggar flott om korleis terskelen for kva ei nyhet er i dagens mediebilete er blitt. Og det er eigentleg rart at nivået, eller kravet til ei nyhende er så usigeleg lågt no i desse dagar. Verda har vel aldri vore mindre enn ho er i dag, og på same tid har det vel neppe vore fleire tilsette i mediebransjen enn det er no. Slik sett skulle ein tru at kvaliteten på nyhendene ville vera ganske høg.

Likevel kan ein stadig lesa om flypassasjerar som vert flytta opp ein passasjerklasse i staden for ned, og sladder der kjolar og kjendisar er sakas kjerne.

Universitet i Oslo si elektroniske ordbok definerer ei nyhende slik:

hendelse, begivenhet som gjøres kjent for første gang.

Solstad sluttar innlegget sitt med følgjande setning:

At noe har skjedd med fire personer betyr ikke at det er en epidemi.

Det minner meg om då eg i 2003 levde livets glade dagar som ryggsekkturist i Thailand/Malaysia.  Begge desse landa er naboland til Singapore som vel etter det eg fekk med meg då var eit kritisk land med tanke på spreiing av SARS (Sever Accute Respiratory Syndrome). Med eitt dukka det opp munnbind på nokre av folka i gatene. Ikkje mange, men nok til at eg beit meg merke i det. Eg hadde tidlegare merka meg at slikt vart nytta i austen, men då med tanke på forureining i dei store byane. Ikkje i eit turistmekka.

Uansett…nokre dagar seinare les eg avisar på nett frå heimlandet. Store krigsoverskrifter møter meg med advarslar om SARS. Eg oppfatta det bortimot som om Noreg var stengt totalt ned. Asiatane var ikkje like redde.

Sidan april 2005 er det omkome drept ca. 52.000 Irakarar. 14% av desse er har vore soldatar/politi. Verdas helseorganisasjon har rekna på tal frå 29 land, og kome fram til at av over 8000 moglege SARS-tilfelle har 810 av desse tilfelle resultert i dødsfall. No skal eg ikkje seie at media ikkje skriv nok om krigen i Irak. Eg berre nemner det sånn i forbifarten…at det nok kunne ha vore gjort ein del. Benjamin Zander er dirigent for Boston Philharmonics. I videoen under har han eit godt poeng om det å ha dialog og to ulike perspektiv, eller det han kallar “reflections of attitude”. Han er ein halv time lang men det er langt i frå bortkasta tid. Spesielt interessant er det kanskje 7.30 ut i videoen…: