Tagged in: fotoapparat

Leiketøy i sumarvarmen

Då har eg kome så langt som til min fjerde iPhone. Denne fekk eg gratis av Steve Jobs. Heldigvis. Eg har funne ut at eg har betalt ca 12.000 til NetCom med alt eg har ringt sidan august. Det er dyrt. Difor var eg god nøgd då eg klarte å “snylte” til meg eit gratis deksel til å klistre på glassflata. Feittete fingrar lagar sjølvsagt merke på ei lekker glasflate.

Men eg har også gått til innkjøp av fleire leiketøy.

Det er no ganske nøyaktig seks år sidan eg kjøpte mitt fyrste digitalkamera, eit Olympus C-730 Ultra Zoom. Norsk pris: 4300,-. Pris i Petrona Towers, Kuala Lumpur; 3200,-. Eit kupp med andre ord. Det har vore med meg verda rundt. No var altså tida inne for å oppdatere den optiske maskinparken. I takt med stadig utviklande fritidsaktivitetar, trengst meir robust verkty. Resultatet vart nok eit Olympus-kamera. Denne gongen ein Mju 6000. Vasstett til 3 meter, og støtsikkert frå halvannan meter. Perfekt for padling!

Og sist men ikkje minst har eg nok ein gong forsiktig våga meg ut i videoverda att. Også her har eg hatt nokre uhell. Det fyrste kameraet eg fekk meg gjekk dukken…boksteveleg talt. Eg gjekk rundt i kajakk, fyrste og foreløpig siste gong. Videokameraet, som eg hadde lekkert dandert på dekk for å kunne gjere opptak om nokon andre gjekk rundt, likte ikkje saltvatn særleg mykje betre enn meg. Erstatniga vart eit DVD-kamera. Tenkte det skulle vera genialt. Redigering skulle gå som ein lek. Video fram og attende til kameraet skulle gjerast på null komme null. Så feil kan ein ta! Større makkverk er det lenge sidan eg har vore borti. Eg fekk nok då eg på min andre verda rundt fekk to diskkrasj på fulle dvd’ar. Det var så fantastisk mange fine minne der og ufatteleg surt å ha dei liggjenade utan å kunne sjå kva som er på dei.

Men eg vågar vone nok ein gong. Denne gongen med eit genialt apparatus med det velklingande namnet Creative Vado HD. Litt mindre enn iPhonen og er klar til bruk på berre nokre sekund. Eg kan filma heile fire timar på ok oppløysing…to timar på ekstra høg. Så framt eg klarar å halda Vado’en borte frå vatn så gler eg meg vodsomt til alt eg skal nytta det til!

DSC_7177