Tagged in: brisbane

Ulike problem

Skodde over BrisbaneHer heime har me vanskeleg for å verta nøgde med veret. Er det for mykje sol, klagar bøndene på vassmangel, eller hushaldningane på høge straumprisar. Er det for blaut er det ikkje så greit det heller då ein risikerer flaumar og lite uttelling på den solinga ein har planlagd og drøymt om i heile vår, medan ein har svetta vekk gram etter gram inne på eit klamt treningsstudio.

Andre stadar i verda, til dømes i Brisbane, Australia har ein andre utfordringar. Juni 2008 teiknar til å verte den verste månaden i manns minne med tanke på…skodde. For det er nettopp skodda som har lagt seg over Brisbane og skapar visse utfordringar der down under. Ikkje berre vert flytrafikken hindra, men bilar har også problem med å navigera i tilhøve som byd på 50 meter sikt. The Courier Mail kan til og med melde om at CityCaten, den lokale ferga som fraktar folk att og fram mellom Brisbane sine breddar, er forsinka. Så også toget til Caboolture.

Brisbanes svar på vår eigen Vidar Theisen, Vikash Prasad, uttalte at det nok var uvanleg med såpass tjukk skodde over eit så stort område som ein opplever om dagen, men at det likevel var juni som historisk sett er den mest skoddelagde månaden i søraust i Queensland.