Tagged in: Økonomi

SPAREbank 1

I september fekk eg brev i posten i frå SpareBank 1. Overskrifta lyd;

“Lik PIN-kode på alle dine kort fra SpareBank 1”

Med vennleg helsing i frå Trond Støldal, “marknadsansvarleg kredittkort”, som det heiter.

Dett er mitt svar til Trond Støldal på brevet eg fekk i postkassa. Med vennleg helsing.

For det fyrste så kan eg berre fortelje den gode Trond at eg allereie har eit kort hjå SpareBank 1. Så utgangspunktet for å sende brevet er jo strengt tatt feil.

Men sjølvsagt handlar det ikkje om å samle PIN-kodar. SpareBank 1 passar kanskje på pengane mine, men dei vil også gjerne at dei skal bli sine. Difor kan eg no få eit SpareBank 1 GOLD-kort. Kor forlokkande.

“Med et kredittkort har du en reserve uansett behov og anledning.”

Jo takk, Trond. Det tvilar eg ikkje på. Men utgangspunktet mitt for å ha pengane mine i SpareBank 1, er jo nettopp at eg skal kunne ha dei ein trygg plass, som ein reserve eg kan nytta meg av…”uansett behov og anledning”. Har det vorte gjort endringar i policyen til SpareBank 1 som gjer at dette ikkje er tilfellet lenger?

Forøvrig vil eg nevne at eg for lenge sidan har reservert meg mot reklame. Det oppmodar eg andre om å gjere også. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje SpareBank 1 kan respektere dette slik andre må. Det er vel ikkje slik at berre av di eg har pengane mine i SpareBank 1, så er reklamereservasjonen oppheva?

Det er også eit poeng, at det i det medfølgjande søknadsskjemaet har vilkåra for å få tilsendt kredittkort fått særs lite fokus. Heilt anonymt, utan fargar og bilete, bak det som strengt tatt er siste side, kan du lesa  om kva vilkår som gjeld. Du får også presentert eit tenkt eksempel på kva du må ut med om du nyttar deg av tilbudet. Kor realistisk dette er skal eg ikkje seie noko om. Det får stå for SpareBank 1 si rekning.

Om eg ein dag vil ha kredittkort, kjem eg i banken og spør. Og skulle eg gjere nettopp det, så vil eg helst at nokon skal sjekka at ingen helt eit våpen mot meg FØR det vert levert ut ei slikt kort, for det vil etter alt sannsyn ikkje vera av eigen fri vilje eg er der.

Så altså…takk, men nei takk!

Verdsøkonomi og slikt

I vår var eg mest i streik. Til alt hell var ikkje arbeidsplassen min viktig nok til at me vart tekne ut i streik, men det var ei spanande tid.

Streiken fekk meg til å fundere over noko eg har grubla litt på tidlegare.

Tingen er at ein år etter år etter år etter år endar opp i ein heftig debatt der ein kranglar om å få høgare løn for arbeidet sitt. Lærarar har tapt på fleire område. Den sosiale statusen har også tapt seg i høve til tidlegare tider.

For ikkje så lenge sidan skreiv eg nokre ord på Twitter om at ingen burde tene meir enn 500.000,-. Håkon Kalbakk var ikkje heilt sikker på om eg var seriøs, men eg kan forsikra om at det var eg.

I den siste tida har det vore store oppslag i media etter at Liv Løberg vart teke i å forfalska vitnemåla sine. Sjukehusoppslaga har heller ikkje lete vente på seg etter skandalen i Bodø. Siste nytt i frå den kanten er at sjukehusdirektør Eivind Solheim no har trekt seg frå stillinga. Grunngjevinga eg høyrde på radioen i dag var at han “følte” han ikkje lenger hadde den tilliten ein må ha for å gjera ein god jobb i ei slik stilling.

At ikkje kjenslene har slått inn tidlegare er merkverdig. Moralen burde etter mine omgrep ha varsla høglytt då løna runda 1.000.000,-. For kor mykje løn treng ein eigentleg? Her er ein liten video om kva som motiverer oss:

Men pengar er nå ein gong den måten vi måler vår suksess på her i den flotte vestlege verda. Vi måler suksessen etter kor mange ting vi kan kjøpa. Og ting er nettopp det som ligg bak det heile. Av verdas 100 største økonomiar, er 51 kommersielle selskap som sel…ja, nettopp. Ting!

Som det vert sagt i videoen, så står me midt oppe i eit system i krise. Når ein er i, eller kjem til å havna i ei krise, har ein to val. Ein kan antan kjøra på i same sporet og håpa at det ordnar seg. Ein risikerer sjølvsagt eit ukontrolert utfall der ein ikkje har moglegheit til å sjå føre seg alle dei konsekvensane som kjem til å dukke opp. Det andre alternativet er å ta grep. Tunge grep. Grep som kjem til å svi. Fordelen er at ein er klar over kva ein må gjere. Ein kan kontrollera det. I motsett fall må ein berre følgje med straumen, og då er det sjeldant godt å vita kvar ein kjem til å ende opp.

NATO herjar fælt i Afghanistan om dagen. Det er eit aldeles upåklagelig flott mål dei vestlege landa har om å demokratisera Afghanistan. Tidlegare har og vestlege land vore ute på friarferd til utlandet. Då var “demokratiet” kristendom, og dei fredsbevarande styrkene vart kalla “korstog”.

New York Times hadde for ein liten månads tid sidan ein artikkel om at det er funne store mineralressursar i Afghanistan. Når ein høyrer slikt, er det ikkje lange vegen til ein tenkjer “Irak III”.

Ta ellers ein kikk på dokumentaren “The Corporation” som gjev ei flott innsikt i korleis multinasjonale selskap i stor grad styrer verda. (Jf. økonomipunktet eg tidlegare har nevnt).

Med fare for å framstå som ein liten Nostradamus…ein kan ikkje stige i løn kvar evige år! Eller som Stanley Jacobsen sa det: ein skigard kan’kje vara evig veit du! Sjølv ikkje om han er av plastikk…

Vestens akilles

Den vestlege verda byggjer heile sin eksistens på økonomiske interesser. Alt er økonomi for oss…eller skulle eg kanskje sei finans om du vil?

I går vart et sittjande etter middagsmaten å høyra på radio. NRK sin korrespondent i midtausten, Sissel Vold, hadde intervjua muslimske kvinner. Vold var tydeleg overraska over at kvinnene sjølv valde å gå tildekka. Overraskinga var endå større over at dei same kvinnene ville vera heime i staden for å arbeida. Den som Vold hadde intervjua utalte at “vesten tenker bare på penger”. Personleg tykkjer eg at det er vanskeleg å vera usamd i det utsagnet.

Då eg i dag kom over følgjande video kjende eg skrivekløa kome;

Kvart evige år høyrer ein multinasjonale selskap klage eller skryte over rekordtal. I fjor vart ein vitne til eit sytekor utan like då finanskrisa slo til. Eit år etter kunne ein tru at det heile ikkje hadde funne stad. Men er det verkeleg slik, at ein kan forvente at innteninga kvart år skal nå nye høgder? Ikkje i følgje marsvinteorien!

Heller ikkje i følgje ein film eg kom over for nokre år sidan. Filmen har den passande tittelen “The Corporation”. Den gjev eit godt innblikk i bakgrunnen for dei multinasjonale selskapa som eksisterer i dag, og kvifor aksjeselskap i det heile tatt eksisterer.

Alt i alt…eg sit att med ei kjensle av at ting er “fole” galt her i vest. Filmen “Matrix” har forsåvidt eit treffande poeng i at mennesket er eit virus. Det er dog ikkje alle sortar menneske som er det. Men når me endar opp med å vera så langt i frå det med eigentleg er ein del av, naturen, at borna våre ikkje lenger veit anna enn at mjølka kjem i frå butikken, og kjøtet på eit eller anna magisk vis dukkar opp i butikkane…det er då me har eit problem. Det problemet er større enn alle overskot!