Vi rekker våre hender

image

Klokka er 03.00 den 8 juli 2014. Min sambuar vekkjer meg. Ho fortel at noko er på gang no. Me står opp. Nokre timar seinare har me forflytta oss til Stavanger Universitetssjukehus. Det er meldt setefødsel, så ein tek ingen sjansar.
Ved fyrste sjekk av jordmor, er åpninga på 3 centimeter. Den uroa me hadde hatt for at me som førstegonsfødande skulle verte sende heim att, forsvann. Det skulle vise seg at me skulle bli ei heil stund.
Ute i verda er viktige saker og ting på gang. Alexander Kristoff gjer ein kjempeinnsats på sykkelen, medan Tyskland heldt ei oppvisning i korleis alle fotballteoretiske prakteksempel kan settjast ut i praksis.
Men dette er ting som to spente, vordande foreldre glatt let ligge no. Ei ny sjel er på veg inn i verda, og då kan det eigentleg vere det same med alt anna.
Drøyt 25 timar etter at fyrste ria var registrert nærmar med oss målgang. Den nye verdsborgaren er på veg inn i det norske mantalet, og Siv Jensen sit vel alt klar med kalkulatoren for å rekne ut framtidig berekna skatt.
Målområdet, som tidlegare har hatt ei fin ro over seg, vert med eit klargjort for massespurt. Meldingane om at fem tær har fått forsprang frå resten av feltet vert motteke med forbauselse av funksjonærane i målområdet. Var det sant? Kunne dette verkeleg stemme? Etter eit kort kommitemøte vart det bestemt…her var det ikkje lenger noko å lura på.
Dermed vart det som til no hadde vore å oppfatta som eit maraton, med eit endra til VM i 100 meter. Hovudfavorittane inntok posisjonen i startblokka på alle fire, og sette alt i frå starten av i eit forrykande tempo.
12 minutt etter kunne teamet bak vinnaren senka skuldrene og konkludere med ny personleg rekord på samtlige område. Målgang vart gjennomført og registret 01.45 den 09 juli 2014, og soleklar vinnar var Tallak. Med sine 50 cm og 3675 gram, hadde han den perfekte utrustinga av muskelmasse og kroppsvekt, til å snika seg gjennom nålauget som skilde han frå heider og ære. Omsider kunne ein starte nedrigginga av målområdet og gjere klar for ei vel fortent restitusjonsøkt for både Tallak og støteapparatet bak.
I tillegg ynskjer vinnaren og teamet hans å sende ei stor takk til alle som heia undervegs. Med mykje action og lite tid, vart det diverre ikkje tid til å få tak i namna på alle som deltok, men at jordmødrene Else og Silja har stor del av ære for at me alle kom fram, er heva over ein kvar til.

I tillegg er også eit stor takk på sin plass til lækjarane, med doktor Tallaksen og Broch Østborg i spissen som tok regien på oppløpet. Det var eit imponerande skue å vera vitne til i frå sidelinja. Arbeidsoppgåvene dukka opp, og vart gjennomført så fort at det for ein utanifrå var heilt umogleg å henga med i svingane. Me er veldig, veldig imponerte!
Heilt til sist, ei takk til kunst og handtverkslærarane til lækjarane, og ei oppmoding til Torbjørn Røe Isaksen om å satse meir på dei estetiske faga. Det er ei bruk for fine korssting og god sakseføring i samfunnet!

Ferie

I år har eg ferie. Ferie slik ein ein urban lesar tenkjer på ordet ferie. For ferie for meg er å vera heime. Heime på Sinnes. Med dei lukter og lydar som ein kjem ut for når ein går i slåtten. For fyrste gong på 33 år vil perioden mellom skuleåra bestå av noko anna enn å slå, turke og høye gras. Og det er ikkje så reint lite vemod over nettopp det!

image

I går tok eg turen til Stavanger botaniske hage der dei hadde sleie blomsterenga si, og sidan veret har vore godt i år, hadde graset turka. Det var til og med raka i saman i såter, så når eg gjekk på desse kunne eg ikkje la vere å ta meg ein god pause og verkeleg suga inn den deilige lukta som for meg er synonymt med sumar.

Eg har difor bestemt meg for at eg må få litt av slåttonna med meg, same kva som dukkar opp. Det vert berre ikkje fullt så mykje i år som tidlegare år. Men vidareførast må det…

Festdag i heijen

Det kvapp i meg i dag etter min daglege røyndomssjekk i “heijen”. Etter først å ha fundert litt på kva det enorme talet med skrukketroll der ute ville ha å seie for grøda, og vurdert kva slag som har skrukketroll på menyen, kikka eg i toppen av epletreet mitt. Og der, der sat årets fyrste marihøne og klukka lågt for seg sjølv. Midt inne i mellom blomar, blad og maur i vakker sameksistens gleda ho eit permakulturhjarta utan sjølv å ha den fjernaste aning om kva ho gjorde for meg, hagen og epletreet mitt.

image

På toppen av dette, meiner eg på at eg såg dei fyrste spirene av årets eigne sjølvplanta jordeple. Og så jordbera då….jordbera!

Kikk opp

Dei moderne “sosiale media” har gjort noko med oss dei siste åra. Då eg var i barneskulealder, var det vanleg å ringa heim på fasttelefonen for å høyra om nokon var heime. Var dei ferdige med leksene? Kunne me leika?

Og så sprang med ut, litt for tynt kledde, i den kjølige vårlufta. For å leka lite vink, jeppa pinne, spela dødball eller anti over.

Der heldt me det gåande lenge. Antan til ein hadde fått bekjed om å innfinna seg heime att, eller til mørkret fall på og det ikkje lenger var prakisk mogleg å sjå ballen.

Eg går ut i frå at me var sosiale. På eit vis. Utan media. Med snakka saman. Leika saman. Krangla. Slåss. Fann på kjekke ting, ting som var farlege, ting med visste me ikkje hadde lov til.

No er born sosiale når dei er på sosiale medier. Det er slik dei samhandlar. Men er det samhandling? Når en vet kor mykje av kommunikasjonen som er ikkje-verbal?

Gary Turk har sagt nokre passande ord om nettopp dette temaet i denne videon. Sjå han. Og slå av.

100% naturleg

Reklameindustrien og matindustrien er to gode brødre. Folk er tilsynelatande stadig på jakt etter nok ein ny variant av eit fettfritt, men proteinrikt produkt i gapet mellom yoghurt og raume. Sunn skal ein jo vera! Og det er reklameindustrien flinke til å fortelja oss. Om ein kan slenga på eit merke for “økologisk” eller “naturleg” sel det også gjerne betre etterkvart som folk vert meir og meir opptekne av naturleg mat(!).

Rakettforsking

Det finst mykje teknologi som ikkje er merka Samsung, Apple, BMW eller Google. Lågteknologi er det kjent som, direkte omsett i frå utanlandsk. Men er det mindre verdt fordi om det ikkje er høgteknologi? “Kunnskapsnasjonen” Noreg burde driva forskning på slikt.

Det er spanande saker, og etter programmet “Nasjonal vedkveld” som gjekk på NRK for ei stund attende, tipsa eg Lars Mytting, forfattar av boka “Hel ved” om det som på engelsk heiter “rocket stove mass heater”. Etter det eg minnest, uten å ha sjekka korrespondansen for 2013, meiner eg at han tykte det gjerne var ein type teknologi som ikkje heilt passa inn i heimane som ein finn i alle desse glosserte magasina.

Han har nok eit poeng. Men det ville vore artig å ha testa ut konseptet i Noreg. Sjå føre deg gratis varmtvatn på ein støl langt til heis utan at du treng å koka opp vatnet i ein halvtime! Og kva med straumforbruket? Varmtvatnet kunne verte kopla til ledningar i golvet for raskt, og heilt gratis gje varme der. Å! For ein draum.

Med andre ord…treng du arbeidskraft til eit prosjekt for å varme opp drivhuset, er eg gjerne med!