Opp, opp, opp!

Etter to lange månadar med venting kunne eg endeleg motta pakken frå DJI. Oppi den var mi aller fyrste drone. Nedanfor kan du sjå glimt frå ein av dei alle fyrste turane. Ikkje all verdas til vér, men måtte sjekka ut korleis ein fokuserer.

Og ja…sjølv om Mavicen praktisk talt køyrer sjølv, så er det ein viss nervøsitet i biletet, derav konseansiktet av føraren på slutten.

Slik tilværet har vorte

Det er rart det der livet. Kor skjørt og uforutsigbart det kan vera.

I kveld sit eg her med grøtskåla ved sida av meg. Poden ligg oppe og har omsider sovna. Han har feber. Har hatt det eit par dagar. Ville ikkje ha særleg mykje graut i kveld, ikkje noko anna heller for den del. Dadlar var derimot innafor som kveldssnacks.

Sambu er ute på julegåvekonsert. Susanne Sundfør. I konserthuset. Det har ho fortent. Susanne altså. Å spele for mor til son min. Vonar ho gjer det godt, for avkobling har det ikkje vore overflod av siste 20 månadar.

Men slik har det altså vorte. Og det rare er jo det, at eg kunne ikkje ha ynskja meg det annleis. Det fantastiske er at eg kunne ikkje drøymd det betre, langt mindre planlagd ting slik som det har vorte.Tre musketerar

I nauda et fanden floger

I juni vedtok Stortinget ei lovendring som inneber skjerpa kompetansekrav til fag ein lærar underviser i på skulen. I og for seg greit nok. Men vedtaket fekk tilbakevirkande kraft, noko som resulterte i at lærarar i det ganske land no er i harnisk over denne degraderinga av kompetansen til nær 30.000 norske lærarar. Utdanningsforbundet er også på barikadane. Like fullt vel styresmaktene å stå på sitt.

Haustens bølgje av flyktningar har gjort at Utdanningsdirektoratet no er i ei skvis.

For med eitt kan lærarar som i sumar vart gjorte kompetanselause over natte, synast å vera gode nok i ei krise.

Spørsmålet er: har styresmaktene gjort seg fortent til å motta støtte av lærarstanden si dugnadsånd?

Månemann

På eit tidspunkt fekk eg eit spesielt forhold til månen. Det var då eg nytta nettstaden Wolframalpha.com til å finne ut kor langt unna månen var jorda då alle elevane i ei klasse eg hadde vart født.

I den samanheng vart eg obs på at ein kan nytta nemnde nettstad til å finna ut kor mykje opplyst månen er/har vore. Då var ikkje vegen lang til å plotta inn eigne data.

NRK melder om supermåne 28.09.2015, og det er klart at spaninga då stig hjå ein månemann. Natta då eg kom til var nemleg også månen rekordstor. Faktisk så stor at eg endå ikkje har funne nokon dato der han har vore større.

I går natt var kunne ein sjå ein måne som var 99,94% opplyst. Men eg berre spør. Kan ein verkeleg kalla det ein supermåne når ein samanliknar med den gigamånen som var 19.02.1981? Heile 99,98% opplyst!

1981

2015

1 5 6 7 8 9 69