Juletremafiaen på tokt

Snart jul. Tusenvis av juletre vert importert frå Danmark, Estland og andre stader der ein tener til livets opphald med å supplere toppen av pyramiden med ting og tang som kan gjere livet enklare eller meir glamorøst.

Det passa difor perfekt for juletremafiaen på Tjensvoll at Bodil/Sven tok turen innom vår langstrakte kyst for ein førhjulsvisitt. Fotefara kan ein følgje frå rotvelt til rotvelt, via trampolinar klistra i husveggar til tak som ligg tippa på hovudet i ein heller unaturleg positur.

Tilfeldighetane ville ha det til at underteikna juletremafiast tok bussen til arbeid i dag, og i skogbrynet nedanom NRK Rogaland sine lokale på Ullandhaug låg eit fåretre og sleikte sine sår etter ein litt for heftig runddans med Bodil/Sven i går kveld. Men toppen såg fin ut…

Nokre timar seinare hadde eg og min kløktige medsammensvorne samla saman utstyret for eit nattleg tokt i jakta på juletre anno 2013, for her låg moglegheitane godt til rette for heilt naturleg gjenbruk!

Planen gjekk glattare enn Rogalendingar ned Gravassryggen på sumardekk! Fluktbilen vart parket på ein mørk, avsidesliggjande skogsveg, hovudlykt dobbelsjekka og kappeverktøyet plassert lett tilgjengeleg i lomma. Planen vart iverksett.

Kun kort tid etterpå var toppen på nedfallsfåra, årets potensielle juletre, avsagd i passande lengd. No gjenstod berre ein siste kvalitetssjekk før byttet var klart for heimtransport.

Det var då ting byrja å skurre i planen.

Juletremafiast X var ved nærare ettersyn langt i frå nøgd med bytets estetiske utforming. Her hadde Bodil/Sven vore litt for hardhendt, og etterlete seg vårt utpekte mål i ein letare forfallen tilstand. Bytet vart kassert og juletremafiastane trekte seg attende i dei same fotefara dei nett hadde lage i nysnøen. Ikkje eingong ein ninja kunne forsvunne meir umerka!

Juletremafiaen tapte slaget i kveld, men jakta er endå ikkje over. Det er fortsatt tre lys att å tenne på lysestaken. Enno er det tid…

Klare til tokt


1 3 4 5 6 7 63