Monthly Archives: April 2008

Våren er komen

Eg saknar inspirasjon. Han forsvann ei gong i vår trur eg. Dagane vert sløve for tida. Til tross for overraskande lyse dagar her på det fagre Sunnmøre. (eg hadde beint fram gløymt at det kunne vera så mykje lys).

Det går for siste gong for min del mot eksamenar og eksamensstress. Forskjellen i år vert berre at for fyrste gong skal eg ikkje sittja å sveitte klamt på fingrane medan eg omstendelig skribblar ned den settninga eg har brukt det siste kvarteret på å forma i hovudet…smaka på orda….finne rett ordstilling. Alt det som skal til for at eg får fram det eg ynskjer å seie, men som likevel ikkje er nok til å få toppkaraktar. Men det gjer ikkje noko. Eg forlangar ikkje anna av meg sjølv enn at eg får ståkarakter. Og same kor mykje eg les på ting, så har eg likevel ingen garanti for at sensor kjem til å lika måten eg formulerer meg på. Kanskje har han/ho ein dårleg dag? Kanskje er eg ein av dei siste ho rettar den dagen, og kanskje ser ho av statistikken sin til no at ho har vore uvanleg snill med karakterane. Kanskje nettopp difor set ho ein skikkeleg dreten karakter på mi oppgåve.

Men i år er det som sagt ikkje slik. Av dei tre emna eg tek, er ein av dei ein 3-dagars heimeeksamen. Dei to andre er mappeeksamenar noko som tyder at arbeid eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og legg grunnlaget for min endelege karakter.

Og midt oppi all denne avsluttningstenkinga skal ein samtidig leita rundt på NAV sine nettsider for å finna seg ein stad ein kan halde til når det atter ei gong nærmar seg mørketida. Og samtidig som at dette er slutten, så er det like fullt starten. På noko nytt. På noko ukjent. Og eg skal sansynlegvis nok ein gong settje meg i bilen og fara avgarde mot ein ny stad der auga skal få kvila på ein ny horisont idet sola glar ned om kvelden.

Men no er det på tide å starte for seg sjølv. Internatlivet får vere slutt no. Endå så godt eg likar det. Etter 8 år er eg bortimot internatisert. Det er på tide med nye utfordringar. Vaskemaskin innomhus. Eit kjøkken der eg sjølv er sjef og kan ha det oppvasksystemet eg sjølv vil. Og kanskje viktigast…eg skal ha meg ein skikkeleg kontorstol!