Monthly Archives: October 2008

Statsbudsjett

I desse dagar lanserer regjeringa statsbudsjettet. Desse vart, tradisjunen tru, trykka opp og lagde ut i Regjeringskvartalet sine lokal klokka 10.00 i dag.

Ein smule ironisk er det kanskje at ei regjering som satsar stort på miljø, faktisk endå gjer det på denne måten. Eg har lenge etterlyst det papirlause samfunnet som me skulle verta. Men det glimrar med sitt fråver.

Ein nyttar altså ressursar på å skriva ut, pakka saman, sortera og dandera desse 10-kilosblokkene med budsjett. Men det er gjerne noko ein ikkje skal ta lett på i desse dagar dette med økonomi.

Det beste er kanskje då videoreportaren til Dagbladet, Asle Hansen spør Beth Hartman og Anders Bayer om dei veit at han er å finne på nett. Responsen er herleg bakstreversk.

Ja, men vi trenger’n i pappir å.

– B. Hartman

Det er noe med lukten av trykksverte og ferske statsbudsjett, det får du’kke på en skjerm altså.

– A. Bayer

Ein kan også lett sjå for seg krigsoverskriftene om eit knippe av regjeringsmedlemmene parkerte bilen på gangfeltet, berre for å stikke ein snar tur innom å hente noko. At journalistane sjølve gjer seg skyldige i lovbrot, sjølvsagt ikkje alvorlege, kjem ikkje meir på trykk enn i ein kort setning på Dagbladet sine nettsider. Men det er eit eller anna med prinsipppet, og at media sjølve er kjappe til å halshogga einkvann om han er profilert nok…

For øvrig…dei interesserte kan laste ned det uhorveleg spanande budsjettet, som fyller alle Noregs mediekanalar til brimmen i dag, med å lasta ned dette PDF-dokumentet. Berre sørg for å fyll opp toneren i printaren før du tek fatt på å skriva ut! Budsjettet er på 229 sider. Dersom du er sugen på å driva litt samanliknande undersøking, er det også berre å slå seg laus med budsjettet for 2008.

Nasjonale prøvar

Me er omsider ferdige med dei nasjonale prøvane…for i år. No gjenstår berre å rette dei. Det er strengt tatt mykje betre enn det kunne ha vore. Ein slepp i det minste å settje raude r’ar. Men likevel…likevel

Det viser seg nemleg at Utdanningsdirektoratet gjev omtrent like opplysande feilmeldingar når noko går gale, som alle dei kommentarane eg ofte får høyra på bakgrunn av min litt for høge digitale kompetanse…”någe e galt“. Eller “det funke ikkje“. Begge desse er jo like informative og nyttige for meg, men det er jo godt å sjå at me i det minste har utarbeida ein nasjonal praksis på nettopp dette. At eg ikkje fekk med meg at dette har vorte gjort, trur eg må vera min feil.

Men eg trudde likevel at me hadde kome litt lenger enn dette:





Som om ikkje det skulle vera nok, så kan eg opplysa Udir om at det på nynorsk heiter:

  • ein feil
  • Eksporter
  • PrøveresultAT
  • Sjå alle
  • DetaljAr
  • BrukArprofil

Men når eg er inne på IKT og slikt, så minner noko isselappen meg på følgjande velkjende situasjon…

[youtube:v=NwNwTjDLMP4]

Lag din eigen doreins

Dagens tips kjem i frå Planet Green sine vevsider, og er eit eksempel på at det ikkje nødvendigvis er vits i å bruka pengar på å handla inn dyre, kraftige kjemikalie for å gjera reingjere doskåla.

Det du gjer er som følgjer. Finn fram ei spiseskei frå kjøkkenbenken, og hell desse ingrediensane opp i doskåla:

  • 2 ss bakepulver
  • 1 ss olivenolje
  • 1 ss sitronsaft (eller anna type lukt)
  • Skrubb som vanleg

Og vips…ei flunkande rein doskål som gjer den neste vitjinga til porselenet til ei betre oppleving. Og alt utan å ha spylt eit einaste kjemikal ned i røyra!