Monthly Archives: September 2008

Voldanytt

Høgskulen i Volda kunne den 29.08.08 kome med følgjande overskrift på ei melding til sin studentar og tilsette i ClassFronter:

Viktig melding: ikkje parker i gatene langs Kaarstad-huset. Politiet byrjar snart skrive ut bøter.

Dette var overskrifta. 14 ord. Dei har tydelegvis ikkje teke det vesle notatet på tre sider eg leverte til dei for 2-3 år sidan så voldsomt seriøst. Uansett. Meldinga vidare gjekk som følgjer:

Politiet i Volda har fått melding om mykje ulovleg parkering i gatene langs Kaarstad-huset, spesielt ved private utkjørslar, kloss inn til gangoverfelt og tett inn til gatekryss etc. Politiet vil skrive ut bøter om bilane ikkje flytter seg snarast!

Mon tru om Politiet på sunnmøre har mykje pengar å rutta med. Andre stader i landet ville bota ha kome på flekken og bidrege til å styrkje økonomien hjå lovens lange arm.

Byråkrati i praksis

Norge er eit heldig land med enorm tilgang til vassressursar. Ei energikjelde som ein i utgangspunktet kan nytta om att i det uendelege.

Då eg var i Australia hausten 2007 hadde Brisbane by innført sparetiltak. Ein hadde til dømes ikkje lov å vatna plenen om ein hadde slik. Krana skulle også helst skruast att medan ein pussa tenner. Strengt tatt så ville vel styresmaktene helst sett at ein skulle dusja saman fleire på ein gong og, og det ville utvilsomt vore gunstig for å skapa tette og gode relasjonar mellom folk, om det kanskje ikkje hadde vore så praktisk.

I Malaysia var det ikkje betre. Sjølv om vasstilgangen her var på den andre sida av kriseskalaen, kan ein ved Air Itam vassreservoir utanfor Georgetown på Penang sjå ein diger plakat med ei pil som syner den aktuelle vasstanden. Her var det derimot godt og fullt då eg sveipa innom ein varm haustdag i oktober.

Men så til poenget. I Amerika gjer dei jo som kjent mykje merkeleg. Dei er eit forbrukssamfunn utan samanlikning, men samstundes har dei ein del godt å koma med når det kjem til miljøsatsing. Ein måte å klara seg på er jo som dei gjer det i Australia…at ein sparar på vatnet. Dette gjer dei også i junaiten, og det i mange ulike skalaer. I privatheimar setter dei ut tønner som samlar regnvatn. Stader der ein kan vaske bilen sin tenkjer miljø dei og og har putta store kummar under asfalten der dei samlar regnvatnet. Dette vert så nytta i flunkande nye vassparande vaskemaskinar.

Men så skjer det, at ein eller annan paragrafryttar hjå dei lokale styresmaktene finn ut at slik kan ein ikkje ha det. Staten det er snakk om er Utah, ein av statane med minst nedbør. Ein har difor lovar og reglar som går på vassrettar. Og har ein ikkje vassrett, så har ein heller ikkje lov å utnytta vatnet med f.eks å endra det naturlege løpet til dette.

What type of work constitutes a stream
alteration?

In general, if the work
conducted has the potential to adversely
affect the natural stream environment,
recreational uses of the stream and
adjacent areas, aquatic wildlife, channel
capacity, or water rights a stream
alteration permit will be necessary.

Stream Alteration Violations

Så då denne byråkraten fekk det føre seg at det å samla opp regnvatn i større skala enn i ei tønne gjekk han like godt etter bilforhandlaren som trudde han gjorde noko godt for miljøet ved nettopp å spara på vatnet.

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=Oj1-yS6tcOs]

Godt sagt…

Eg kom over noko her ein dag då eg, berre ei veke forsinka grunna heftig arbeidspress, kunne settja meg ned på do-ringen med det sist innkjøpte Pondus-bladet. Nummer 9/2008 i rekkja. Eg kunne ikkje dy meg for å humre litt i sjegget då auga mine fall på følgjande flott formulerte observasjon;

En annen ting som irriterer oss fotballvenner usigelig, er alle de soleklare målsjansene som går til spille. Karene der ute på gresset har fotball som jobb. De tjener femti ganger så mye som deg og meg. At de brenner en straffe, er jevngodt med at vi som jobber på kontor ikke klarer å få musepekeren inn igjen på skjermen når den først har havnet utenfor.

10 minutt med Picasa 3

Rykande fersk frå Google Labs kjem seinaste beta-utgåve av eit av mine desiderte favorittprogram; Picasa. Blandt dei største nyhendene er ansiktsgjenkjenning. Eg er ikkje så imponert over dette. Naturbilete er meir min smak kan ein kanskje seie. Så difor vil eg her ta ein liten kikk på nokre av dei andre nyvinningane som er å finne i programmet.

Tekst
Ein ting som har vore sakna i dei tidlegare Picasa-utgåvene er moglegheiten til å leggje tekst på bileta. Om det nå kanskje er ein smule harry i visse settingar, så kan det jo også vera litt nyttig i andre. Ein kan difor no skriva inn nokre ord på bileta, velje farge og skrifttype, ramme rundt teksten og det eg i norskfaget om dagen kallar NB!-uthevingar, altså understreking, kursiv, og feit skrift. Ein kan endåtil rotera teksten 360 grader rundt. Ei flott forbetring der altså.

Vevintegrering

Sjølv om Picasa er eit skrivebordsprogram som du må installera på datamaskina di, er det no tett integrert med alt som har med verdsveven å gjera. Picasaweb er staden der ein kan dela bilete med vener og kjente. Ein fer då ei vevadresse som ein kan gje til dei ein måtte ynskje der desse så kan gå inn og sjå korleis den vesle poden veks for kvar dag. Eg har ikkje teste ut Picasaweb sjølv i stor grad endå, så ein nærare kikk på denne vert mest opp til deg å ta deg av. Men at det er flott, ja det er det ikkje tvil om. Men ein ting har eg merka meg. Ein kan velje grad av kompresjon på bileta. Sit du fortsatt på ei tilkopling til verdsveven som mest av alt liknar på Ally McBeal, ja då kan du velje ein kompresjon med tanke på dette. Er du derimot interessert i å ha ein stad å lagre nokre bilete for å skrive ut i full storleik, ja då er dette og eit val ein kan gjere. Noko for ein kvar smak der altså!

Ny menylinje

Med nye utgåver kjem også kosmetiske forbetringar. Så også denne gongen. Menylinja nederst i skjermbiletet har vorte oppgradert, og i tillegg fått eit par nye knappar ein kan leike seg med. Mest interessant er kanskje “Collage” og “Movie”-knappane. Dei er jo i stor grad sjølvforklarande. Sjeldan har vel moglegheiten for å flotte videoar med stillbiletet vore betre, og eg trur til dømes at skuleborn kunne hatt mykje morro her om dei hadde vorte sluppe laus med digitalkamera. Collage…det å kunne lage eit stort bilete av mange små…joda. Det er jo nyttig det og, men slikt er vel ikkje akkurat noko ein gjer kvar dag.

Biletvisar

Vidare vert du under installasjonen spurt om du vil la Picasa 3 vere standard biletviseprogram for bileta dine. Dette tenkte eg faktisk ikkje over i det heile tatt, og klikka meg glatt vidare. Då eg seinare hadde lukka det ned og skulle opne eit bilete for å sjå fort på, ja då dukka det opp ein flott glidande biletvisar på heile skjermen min. Eg var mest imponert over å få slik ein flashliknande effekt på skrivebordet mitt. Ei aldeles fortreffeleg overrasking.

Picasa 3 er enno på beta-stadiet. Dette tyder at det ikkje er heilt stabilt, og for å nemne noko, så sug det prosessorkraft på høgde med vakumet i eit mjølkingsrøyrsystem! Det er då heller ikkje tilgjengeleg via den vanlege nedlastingssida for Picasa. Men eg ser føre meg at det nok dukkar opp på http://www.picasa.com om ikkje så alt for lenge. Så er nok dei fleste småproblema ute av verda, og altså berre å laste ned eit nytt program for handsaming av feriebileta dine!