Monthly Archives: May 2008

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga eg hadde førespegla meg vart det ikkje noko av. Men ein alle tiders aktivitet å finne på i Volda ein sånn middels fin maikveld, det må det seiast å vera!

Naturatur (kajakk) 2008

11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur med fine menneske i fin natur.


(NB! Får du ikkje opp dette biletgalleriet? Prøv med det gode gamle)

Frugtflækker

Flekker av frisk frugt paa linnet gaar let av, naar man breder tøiet paa det sted hvor flekken er, stramt ut over en dypp skaal og derpaa ganske langsomt drypper kokende vand derpaa. Litt efter litt forsvinder flekken helt.

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes’ liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.

Amalies bursdag

Amalie hadde fødselsdag på søndag, og difor tromma me saman nokre folk for å laga eit lite selskap for henne med kake, gåver og godt samver for å feire henne. Overraskinga var ikkje heilt som underteikna hadde trudd, men alt har vel sin skjarm. Nokre bilete dukkar opp om du klikker på det under.





Vaskevand

Et udmerket vaskevand for sprukne haarde og røde hænder tilberedes paa følgende mate: Man opløser en spiseskefuld boraks i en flaske med ganske litt regn eller sjøvand, helder derefter saa meget av samme slags vand paa at flaske blir fuld, og sætter det hen paa et varmt sted. Efter nogen tids forløp blir blandingen klar, og der avsætter sig litt graat bundfald. Man helder nu daglig litt av en borakstinkturen i vaskevandet, saa man kan føle at dette blir bløtt derav, og naar man stadig kun vasker hændene i saadant vand, vil de blir fine og bløte. Dette vaskevand er baade billig og meget let at fremstille.

To timar med Krompen

I går deltok eg, saman med ein fullsatt kinosal på Volda Samfunnshus, på den offisielle opninga av Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2008 som i dei siste 12 åra har vorte arrangert her. I den samanheng hadde

http://www.mre.no/972707.o2

festivalen i år klart å hanka inn ein skikkeleg storfisk til å opna festivitasen…nemleg ingen ringare enn Kronprins Haakon.

Då han entra lokalet gjekk den ganske høglytte summinga blandt dei frammøtte over i total tystnad, samtidig som alle reiste seg. Ganske surrealistisk, og eg kjende at eg var glad eg ikkje var kongeleg…eg trur rett og slett eg hadde hatt problem med å halda meg seriøs om alle skulle stoppa opp så fort eg dukka opp.

Men Krompen takla det fint. Han intok sin plass berre to rader bak meg med verdigheit, og då han etter talar av styreleiar, ordførar og rektor gjekk fram på sena for å gjera det han hadde kome for, hadde slipset falle av. Om dette var av di det var smellvarmt i salen, eller fordi han såg det som litt drøyt å stilla med slips, ja det skal eg ikkje sei noko om. Det var i alle fall eit trekk som gjorde at min personlege smak for det royalistiske steig nokre hakk. For min del finns det berre ein Konge…Olav, men sonesonen gjorde eit usletteleg inntrykk og verka langt i frå så traurig som eg har fått inntrykk av gjennom fjernsynsskjermen.

Opningsfilmen var og bra, og eg er jo litt kry over å kunne seie at eg har sett film med Krompen. 😉 Som ein kuriositet kan det jo nemnast at det tydelegvis ikkje er lov å ta bilete av H.K.H Kronprinsen med han sit nede.