Category Archives: Friluftsliv

Apati i eit velferdssamfunn

I to dagar no har det brunne jamnt i utmarka nordvest i Sandnes. Litt etter 17.30 den 31.03.2013 fekk brannvesenet melding om brann. Det same brannvesenet har i heile påska vore ute og minna folk på at eld og påske ikkje er heilt kompatible i år, i alle fall ikkje i området på nord-jæren.

På bakgrunn av dette skulle ein tru at slagplanar låg klare for alle eventualitetar. Diverre ser det ut til at Jesus hadde ein letare veg til Golgata enn det brannhelikoptera har hatt til Vårlivarden. Opp i mot 24 timar skulle det ta før ein hadde klart å rekvirera eit brannhelikopter ned frå Bergen(!).

Under storbrannen i Froland i 2008 gjekk kritikken i etterkant på at tillegsressursar for å sløkke brannen vart sette inn for seint. Dette gjekk dåverande justisminister Knut Storberget ut i Aftenposten og kommenterte. Han skriv mellom anna følgjande;

Onsdag 11. juni ble det tatt formell kontakt fra Hovedredningssentralen i Sør-Norge mot svenske myndigheter for å bistå med luftkapasitet.

På slutten av artikkelen skriv han også at;

Den samlede beredskapen i Norge basert på samvirke og samarbeid er god. Samtidig skal vi ta med oss erfaringene fra Froland.”

No er det gått fem år. Brannvesenet har i lang tid advart mot brannar. Så skjer det. Ikkje berre i Sandnes, men og i Os og på Karmøy.

I 2008 sa helikopterpilot Jørgen Eilertsen til Agderposten at “vi skulle ha kommet med en gang”, og tenkjer på helikoptersupporten. Han vert og sitert på at Noreg drøyer lenge før helikopter vert sett inn i sløkkingsarbeid.

Og kva hender? Fem år etter at Storberget sa at me skulle ta med oss erfaringane frå Froland, tek det rundt 18 timar å få eit helikopter med sløkkekapasitet 17 kilometer frå Sola til Vårlivarden. Sola flyplass må vel ha ein eller annan form for mogleg respons både med tanke på at Hovudredningssentralen i Sør-Noreg ligg der, og at flyplassen er næraste nabo til installasjonane i Nordsjøen. No kom sløkkingshelikopteret ned frå Bergen, men det gjer det vel ikkje akkurat betre?

Under tre kvarter etter at brannen var starta sakna eg helikopter til sløkking på Vårlivarden.

Vårlivarden - kart

Men i og med at det her ikkje er snakk om verdfull skog, hus eller menneskeliv, er det tydelegvis ikkje bryet verdt å få på plass eit brannhelikopter tidleg i brannutviklinga. I staden vaknar eg opp til flammar som dagen etter har krope nedover fjellsidene og ned i den like opptørka skogen sør for Hestafjellet.

Kva har styresmaktene gjort med erfaringane frå 2008? Fortsatt er det tydelegivs berre eit helikopter i bereidskap slik Jørgen Eilertsen frå Helitrans kunne berette til Agderposten i 2008.

På tokt til Hafrsfjord

Av og til hender det at eg vankar utanfor dalstroka innafor. Då hender det at ein har hellet med seg og kan oppleva flotte augneblink, sjølv i dei mest urbane og midt i voldsomt fasjonable villastrøk.

Biletserien nedanfor (klikk på biletet) er henta frå Hafrsfjord i Stavanger. Etter å ha vandra frå hypermoderne kassehus med enorme vindauge ut mot Hafsfjord, dukka minnesmerket frå tidlege tider i området opp nede i fjøra.

1

4. sundag i advent

No stundar det for alvor mot joletid. I dei korte dagane me har, er det sterkaste ljoset du ser tilbodsplakatane frå kjøpesentra. Desse lyser mot deg på ein måte som gjer at ein heilt kan verte blenda, og gløyme kva joletida handlar om.

NRK P1 sitt program Friluftsmagasinet tek tak i dette, og let kåsør Jimmy Øverdal få kome med nokre viktige ord til oss alle om kva jola eigentleg handlar om:

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2011/12/Friluftsmagasinet-Julekåseri.mp3|titles=Julekåseri]

Naturens aktørar

Haustferie nok ein gong. Då er det godt å koma opp i høgda, og bort i frå eksosen i byen.

I kjøkkenglaset har eg meir underhaldning enn det full pakke hjå Altibox kan gje meg. Og det gratis!
Dagens fyrste show var det ein liten røyskatt (Mustela erminea) som gav meg. Han kom pilande i blomsterbedet utanfor, fin og kvit i si flunkande nye vinterdrakt.

Litt etter dukka det opp ei, for meg, sjeldant syn. Ein sidensvans (Bombycilla garrulus) sat og tok ein kikk på forrådet i ripsbuskane. Eg ser at fuglen har for vane å vera til stades i heile Noreg, men det er ikkje før no i dei siste åra at eg har sett han her på Sinnes.

Spanande med nye innslag frå kjøkkenglaset.