Illustrert bowling

Eg trur det må vera det sjukaste bowlingkastet eg har vore vitne til! Eg og min bror, Lars Ingve, prøvde lukka på Hana Bowling i kveld. Etter nokre rundar var ei kjegle liggjande att i renna til høgre utanfor maskineriet som skal plukke opp desse si rekkevidde.

Eg gjorde difor eit forsøk på å kaste ei kule i renna for å få ned denne kjegla. Dette vart gjort samtidig som Lars Ingve forsøke å treffe dei som stod oppreist. Uheldigvis vart kastet mitt for svakt, og kula liggjande att i renna.

Etter nokre rundar til med kule og kjegle liggjande i renna, var det Lars Ingve sin tur til å “våga vone”. Eg kasta på dei som stod oppreist, og han kasta etterpå på ballen og kjegla i renna. Illustrasjonen under viser kula hans sin bane. Eg bomma på bortimot alt, og eg vil tru at det stod att ein 5-6 kjegler. Kula han kasta gjekk altså rett i kula som låg i renna. Det gjorde at rennekula trilla vidare og fekk bort kjegla som var utgangspunktet for alt styret. Men kula han kasta spratt over på motsatt side av bana, opp i innsida av veggen og tilbake att på kjeglene som stod att etter mitt misslukka kast…og fekk vekk heile kjeglene i ein imponerande strike! Som henta ut av ein tilfeldig valt Amerikansk bowling-film. (Illustrasjonen er forøvrig CC-lisensiert og klar for fri bruk i ein kvar samanheng.)

1 Comment on "Illustrert bowling"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *