Nostalgia

Då eg var heimom ein tur i helga gjekk eg skulle leita fram nokre gamle skulebøker som eg tenkte eg skulle visa desse små håpefulle anno 2008. Dei har jo mykje å gjera med 5 glosar kvar veke! Eg fann gloseboka mi…i snitt 10 på kvar prøve. Det skulle stoppa klaginga frå nokon og ein kvar.

Men i same sjølvsnikkerte kassen fann eg og ein perm. I den fann eg dokumentasjonen frå min alle fyrste PC. (Om ein ser bort frå Commodore 64’en som eg kjøpte på Klepp etter å ha kikka i ein annonse i Stavanger Aftenblad). Det var herlig lesing for eit gamalt data-hjarte. Det var i den tida CD-rom måtte kjøpast som ekstrautstyr, og Windows 95 var Microsoft sitt flaggskip. Og de beste var at eg hadde god plass att på min 170 MB store harddisk etter å ha installert han og.

Traileren til RobRoy var mitt fyrste møte med video på PC. Han låg som ekstramateriale på Windows 95-oppgraderinga. Sjeldan har vel video vore så spanande nokon gong. No til dags har han derimot vorte redusert til berre ein Youtube-vidoe i mengda;

[youtube:v=w0-2kzujLA8]

Men papira eg skreiv ut på min gode, gamle grå skrivar (som eg har gløymt namnet på no)…ja dei fortel om ei forjetta tid!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *