For mykje merksemd…

Ja. Eg er som kjend ikkje typen som set pris på store mengder med intens merksemd. I moderate mengder er det forsåvidt ikkje eit problem, men det å kome inn i eit rom, og du du får alle augene retta mot deg, granskande, nysgjerrige og kanskje litt småskeptiske, ja det er ei selsam oppleving.

Ei gong før har det hendt meg. Eg gjekk på bingo med Janne ei gong. Me trava opp trappene (småironisk å ha eit bingolokale med trappeadgang, men det får bli ein annan diskusjon), og gjekk til loddeljarskranka for å kjøpe oss nokre brett. No skal det seiast at eg ikkje er nokon dreven bingospelar. Min glansperiode var vel som 12-åring på årsmøtet i Sirdal Skilag trur eg, så slik sett så er naturleg nok skepsisen til den hardbarka bingoskaren heilt utan grunn. Ikkje røyker eg heller, og då tennes jo sjølvsagt varsellampene på rekordtid hjå dei rutinerte ringrevane på Holmen Bingo. Men me spelte, og Janne vann, og naturleg nok var det vondt for dei litt meir rutinerte gamblarane å sjå på desse to stakkarslige rookiane, så dei obligatoriske kommentarane kom sjølvsagt då me ikkje heilt klarte å få sagt i frå på ein klar nok måte om at joda, her var det bingo ute å gjekk. “Her må du skriga ud skikkelig”.

Litt den same følelsen fekk eg i kveld, då unge Sinnes debuterte i mannskor. Volda Mannskor. Med ein snittalder på det eg vil anta å vere ca. 55, er det klar at eg stakk meg ein smule ut der eg kom inn døra bakerst i øvingslokale. Men til motsettning frå bingoopplevinga, vart eg her teken varmt i mot. Med stødige 1. tenorkollegaer rundt meg, gjorde eg så godt eg kunne i to timar. Og resultatet vart at eg no har klart å surra meg inn på øvingshelg med obligatorisk fest på kvelden no til helga. Det kan eigentleg teikne til å bli ei interessant oppleving det, og eg kan jo ikkje anne å seie enn at eg gler meg ein smule. Og det gjer seg med litt positive opplevingar i ein kvardag som kanskje ikkje alltid er noko å hoppa i taket for. Rap skal eg laga til i morgon og…..huff. :S

2 Comments on "For mykje merksemd…"

Leave a Reply to Den faktiske Vegard Tjørhom Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *