10 minutt med Picasa 3

Rykande fersk frå Google Labs kjem seinaste beta-utgåve av eit av mine desiderte favorittprogram; Picasa. Blandt dei største nyhendene er ansiktsgjenkjenning. Eg er ikkje så imponert over dette. Naturbilete er meir min smak kan ein kanskje seie. Så difor vil eg her ta ein liten kikk på nokre av dei andre nyvinningane som er å finne i programmet.

Tekst
Ein ting som har vore sakna i dei tidlegare Picasa-utgåvene er moglegheiten til å leggje tekst på bileta. Om det nå kanskje er ein smule harry i visse settingar, så kan det jo også vera litt nyttig i andre. Ein kan difor no skriva inn nokre ord på bileta, velje farge og skrifttype, ramme rundt teksten og det eg i norskfaget om dagen kallar NB!-uthevingar, altså understreking, kursiv, og feit skrift. Ein kan endåtil rotera teksten 360 grader rundt. Ei flott forbetring der altså.

Vevintegrering

Sjølv om Picasa er eit skrivebordsprogram som du må installera på datamaskina di, er det no tett integrert med alt som har med verdsveven å gjera. Picasaweb er staden der ein kan dela bilete med vener og kjente. Ein fer då ei vevadresse som ein kan gje til dei ein måtte ynskje der desse så kan gå inn og sjå korleis den vesle poden veks for kvar dag. Eg har ikkje teste ut Picasaweb sjølv i stor grad endå, så ein nærare kikk på denne vert mest opp til deg å ta deg av. Men at det er flott, ja det er det ikkje tvil om. Men ein ting har eg merka meg. Ein kan velje grad av kompresjon på bileta. Sit du fortsatt på ei tilkopling til verdsveven som mest av alt liknar på Ally McBeal, ja då kan du velje ein kompresjon med tanke på dette. Er du derimot interessert i å ha ein stad å lagre nokre bilete for å skrive ut i full storleik, ja då er dette og eit val ein kan gjere. Noko for ein kvar smak der altså!

Ny menylinje

Med nye utgåver kjem også kosmetiske forbetringar. Så også denne gongen. Menylinja nederst i skjermbiletet har vorte oppgradert, og i tillegg fått eit par nye knappar ein kan leike seg med. Mest interessant er kanskje “Collage” og “Movie”-knappane. Dei er jo i stor grad sjølvforklarande. Sjeldan har vel moglegheiten for å flotte videoar med stillbiletet vore betre, og eg trur til dømes at skuleborn kunne hatt mykje morro her om dei hadde vorte sluppe laus med digitalkamera. Collage…det å kunne lage eit stort bilete av mange små…joda. Det er jo nyttig det og, men slikt er vel ikkje akkurat noko ein gjer kvar dag.

Biletvisar

Vidare vert du under installasjonen spurt om du vil la Picasa 3 vere standard biletviseprogram for bileta dine. Dette tenkte eg faktisk ikkje over i det heile tatt, og klikka meg glatt vidare. Då eg seinare hadde lukka det ned og skulle opne eit bilete for å sjå fort på, ja då dukka det opp ein flott glidande biletvisar på heile skjermen min. Eg var mest imponert over å få slik ein flashliknande effekt på skrivebordet mitt. Ei aldeles fortreffeleg overrasking.

Picasa 3 er enno på beta-stadiet. Dette tyder at det ikkje er heilt stabilt, og for å nemne noko, så sug det prosessorkraft på høgde med vakumet i eit mjølkingsrøyrsystem! Det er då heller ikkje tilgjengeleg via den vanlege nedlastingssida for Picasa. Men eg ser føre meg at det nok dukkar opp på http://www.picasa.com om ikkje så alt for lenge. Så er nok dei fleste småproblema ute av verda, og altså berre å laste ned eit nytt program for handsaming av feriebileta dine!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *