Politikk og pensjonsordning

Omsider tek media tak i noko eg har meint noko om i mange år no. Pensjonsordninga til politikarar som sit på Stortinge. Eg trur det var heilt attende i 2001 eg kom borti det fyrste gongen. På eit eller anna vis fekk eg høyre om den, for dei, flotte pensjonsordninga der dei fekk opparbeida seg full pensjon etter berre 12 år på tinget.

Ein pensjonert politikar som har site i tre periodar på Stortinget, kan med dei reglane som gjeld i dag belaga seg på ei årleg inntekt på over 430.000 blanke, Norske oljekroner rett inn på konto. Dette tilsvarer 66% av den årlege lønna til ein Stortingspolitikar. Aftenposten har i den same artikkelen gjort nokre kalkuleringar av korleis pensjonen vil verta for særs unge folk og utan at eg vil bry meg meir med akkurat den vinklinga her og no.

Eg fekk faktisk ein gong moglegheiten til å samtala med ein som på det tidspunktet sat på tinget omkring dette temaet. Eg kan ikkje ta igjen kva argument eg nytta. Men eg hugsar godt at rettferdsinstinktet mitt sa klart i frå at det å kunne bruke 12 år av sitt liv, og så kunne håve inn ei slik abnorm årslønn resten av livet…ja det var det ikkje særleg mykje rettferd i. Sosialdemokrati meg her, og sosialdemokrati meg der! Ingen fortener vel ein halv million i året etter å ha jobba 12 år! Ikkje ein gong dei som sat i dei rette kommiteane då den fyrste oljeleidninga vart sluppe ned ute i Nordsjøen seint på 60-talet har gjort seg fortjent til det. Men mine debatantiske evner strakk ikkje til på den tida, om dei no gjer det den dag i dag, så eg tapte den diskusjonen med glans. No ser det likevel ut til at mine motforestillingar mot ei slik ordning omsider vinn fram!

Eg har difor eit forslag. Aftenposten nemner at dei som har motteke for mykje i pensjon nok vert nøydt å betale attende til staskassa. Forslaget er vel strengt tatt å rekne som ei tilleggsstraff. Ein kan jo rekne med at dei uheldige ikkje visste kva dei gjorde, men eg er ikkje Jesus heller! Og toppolitikarar er ikkje dumme. Det er på ein måte ein grunn til at dei sit på tinget. Så difor, utan meir krimskrams: set dei opp som assistentar rundt om i Noregs mange underbemanna skular! Eg er sikker på at Kjell Magne hadde vore ein aldeles fortreffeleg RLE-lærar. Elles så kunne eg godt ha teke i mot Anders Talleraas som hovudlærar i mine historie og engelsktimar. Og så kunne eg tenkt meg Magnus Stangeland som papirhandsamar for meg slik at eg berre kunne konsentrera meg om Norsk, Matematikk, Gym og Naturfag for mine 26 elevar.

Men attende til utgangspunktet. Pensjonsordninga var og utgangspunktet for mitt argument om at ein bør innføre ei rotasjonsordning på Stortinget. Eg er av den oppfattning at ein mister heile kontakten med det verkelege liv om ein sit i ein slik posisjon for lenge. Trur du meg ikkje? Ta ein prat med ein heilt tilfeldig fulltidsstudent på ein av Noregs Høgskular! Røyndomsbiletet er nok like forkvakla der i garden som for ein politikar som har vore på tinget sidan han vart 25! Eg er strengt tatt litt forundra over meg sjølv, og at eg vel å kasta meg på ei amerikansk linje her. Eg tek han likevel eit steg lenger, og meiner at etter 6 år på tinget, bør ein ikkje lenger vera eit alternativ på vallistene. Eg ser ganske enkelt for meg at ein vil kunne oppnå minst eit par fordelar med dette;

  • “Uheldige” forhold mellom politikarar og næringsliv vil ha mindre rett til til liv
  • Ein får betre levekår for det representative demokratiet
  • Sakene til partia vil måtte få eit større fokus enn “trynefaktor”

Så ja. Eg er vel glad for at det no endeleg ser ut til å bli slutt på denne skeive ordninga. Ein plass på Stortinget er jo fyrst og fremst ei tillitserklæring frå dine medbogarar. Dernest er det heilt friviljug. Og når politikken har vorte så innvikla at ein som utdanna bakar ikkje skal kunne ha evnene i orden til å vera med på å styra landet, då er det på tide å gå attende til røtene spør du meg. Ein elite som styrer landet…minner meg fælt om noko anna eg helst ikkje vil tenkje på!

Leave a Reply

Your email address will not be published.