Sumarens siste padletur

Målet for dagen var strengt tatt Ådnestøl, men ewg justerte litt etter kvart. Motvind temjer padlelysta, og når det i tillegg er ein litt tidleg haustvind…ja då freistar det meir å vera innandørs og ha det godt og varmt.

Fram til lunsjpausa etter halvannan times padling var det ikkje særleg mykje action å spora. Eit lam såg ut til å stå i hepte langt oppi ei fjellside, men det var lite eg kunne gjera frå kajakken, så eg bestemde meg for å melda frå då eg kom attende og fekk tak på ein telefon.

Det var altså ikkje før på heimturen ting starta å ta av. Medan eg sat og hadde min rast, høyrde eg med eitt stemmer. Eg trudde fyrst det var dei tre fiskarane i båt eg hadde sett rett etter at eg kom, men ut av det blå/grå kom det ein kajakk. Eg har for vane å treffe andre padlarar i desse farvatna, så eg kikte ikkje nærare etter før heile vatnet plutseleg var dekka av kanoar. 5 stykk for å vera presis. Det kunne vera ein gutegjeng på tur, eller det kunne vera Åna Kretsfengsel som var ute og fekk lufta seg. Eg har truffe dei før i fjellheimen. Då eg gjekk på ungdomsskulen. Kan tru det var ein spanande seanse. Okke som. Dei forsvann innover mot der eg i utgangspunktet hadde tenkt meg hen, og eg såg dei ikkje att.

Etter å ha padla ut til “vinkelen” av Valevatn og litt til, såg eg så ei trerot som låg og flaut midt ute på vatnet langt framom meg. Vinden hadde stilna av, så det slo meg at ho dreiv ein smule fort. Etter å ha tenkt i to sekund slo det meg. Sjølvsagt! Det måtte jo vera ein elg eller eit rådyr. Eg heiv meg på åra og fossa framover. Det er jo ikkje kvar dag ein kjem padlande over eit rådyr midtfjords! Eg la meg bak det ein 15-20 meter i frå og fylgde det inn til land på nordsida av Valevatn. Der stoltra det flott rådyret seg i land på spinkle, lange bein og sprang litt forjamsa oppover på rullesteinane som låg nedst med vatnet og opp i lyngen. Der stoppa det, snudde seg og såg på meg med øyra på stilk, før det for avgarde til heis medan eg ropte hadet til det.

Då eg kom lenger ut la eg meg til på vatnet så eg kunne sjå opp etter sauen/lammet eg hadde sett då eg padla inn. No såg eg ikkje snurten av det. Det var to moglegheiter. a) det hadde klart å klatra opp att, eller b) det hadde havna utfor. Auga mine leitte opp og ned i nærleiken av fjellhylla. Det slo meg at det var unormalt mange ravnar i lufta rett ved. Eg ante uråd. Eg kikka ned i det grøne under fjellhylla, og det var då eg såg ein kvit flekk som var litt kvitare enn steinane omkring. Han var ikkje stor, men fargen gjorde at eg vart mistenksom. Eg padla inn til land, og tok fart på den ganske så bratt klatrina opp til der eg hadde merka meg ut at flekken var. Eg håpte endå at det berre skulle vera ein stein.

På vegen oppover kom eg forbi eit tre der det hang ein stav på ei grein. Veldig sært å finna slikt der. Det var ikkje akkurat ein stad med mykje gjønomgangstrafikk. “O.S. Madland. 1990.” står det på han. Så dersom nokon kjenner Hr. Madland, så kan eg opplysa om at han kan få att den fine staven sin med å ta kontakt med meg. Nåvel…

Eg kom etterkvart opp til staden. Buskaset var ganske tjukt, så eg kunne ikkje sjå skikkeleg med ein gong. Men då eg kom meg gjennom det verste, var det ikkje lenger nokon tvil. Der låg det eit lam med blod på magen. Heilt livlaust. Eg tok borti det, og kvapp til då floger plutseleg flaug fram. Det er ikkje snakk om å venta på bordvers for dei karane! Lammet hadde tross alt ikkje lege der lenger enn maks 3 timar, og allereie hadde dei sett i gang nedbrytingsprosessen. Eg tok av klaven, og nappa med meg øyremerket og tok så fatt på nedstiginga til båten att.

Det var vel det meste av action eg hadde i dag. Då eg var komen heim, måtte eg jo sjå kor langt eg hadde padla. Armane var møre som Sopps Spaghetti etter 7 minutt i kokande vatn…ikkje mykje å klappa for med andre ord. Google Earth er min trufaste kompanjong når det kjem til distanseutrekning, og i dag viste det seg at eg hadde ikkje padla mindre enn 27 kilometer. Ei god økt altså, og etter alt og døme den siste padleturen eg får i 2008 sine sumarmånader. Om det vert ein fin haust, kan det nok bli litt padling utover men det gjenstår å sjå.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *