Føringane er lagde

I dag har eg, etter å ha rådført meg med slekt og vener, teke ei avgjersle som vil ha særdeles stor innverknad på min kvardag. Eg har bestemt meg for å takka ja til mi første lærarstilling. For fyrste gong i mitt liv skal eg ta fatt på eit arbeide som eg etter dette samfunnets tradisjonar skal vera utdanna til.

Det vert utan tvil ein heidundrande overgang frå det ansvarslause studentlivet i Volda, men det er vel så smått på tide etter kvart. Det spørs vel gjerne og om eg ikkje for fyrste gong på 27 år må endra postadressa mi!

Frå hausten av vert eg å finna på ein skule i Sandnes Kommune. Der skal eg vera klassekontakt for ei 5. klasse. Eg fann ut at det var det tryggaste valet om noko kan kallast det. Dessutan vonar eg at tilhøva er slik som eg innbillar meg at dei er ved skulen. Eg har i alle fall god tru på korleis mitt nye liv no skal verta.

Elles driv eg litt fantasifull surfing på finn.no etter ein stad å bu. Spørsmålet er om ein skal kjøpa, eller om ein skal velje å leiga for ei lita stund. Tross alt så er det ikkje sikkert at eg kjem til å trivast, sjølv om eg nok trur det. Uff nei det vert mykje å ta tak i framover, men fyrst av alt skal eg sørga for å ha ein fin sommar der eg vonar at eg vil få gode opplevingar både heime og i utlandet!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *