Hr. Sinnes føreles på Høgskulen i Volda

Kven skulle vel trudd det. At eg, som suller rundt på allmennlærarstudie og ikkje har eit einaste sosialt akseptert papir på IT-kompetanse, skulle ende opp med å ha undervisning på ein høgskule i Adobe Photoshop! Men sånn kan det altså gå. Det er det eg seier. Det er farleg å stikka hovudet for mykje fram, for plutselig så sit ein i det. Nå skal det vere sagt, at ting kunne vore mykje verre enn at eg vart spurd om å ha litt vikarierande undervisning i slikt eit fag, men det er prinsippet som er poenget.

Uansett. Eg har no lagt bak meg totalt 6 timar med undervisning, og kanskje eit par timar med førebuing. Så må ein spørre seg. “Kva har eg lært av det?” Eller…eg skulle vel spurt føreskulestudentane som eg underviste, noko eg forsåvidt også gjorde, men eg kjenner jo godt til denslags. Ein svarer helst “jo eg har lært mykje” berre for å sleppe ut av det klamme klasserommet og vekk i frå undervisningssituasjonen. Mao, så reknar eg ikkje med så mykje konstruktiv kritikk frå den kanten. Men eg kan nå alltids ta meg litt didaktisk refleksjon som eg har vorte så god til no etterkvart.

1. Mange studentar forstår ikkje det dei les. Kan hende dei les det, men det går rett og slett ikkje inn! Når pkt. 1 på arket seier “Les først gjennom alt“, og dei allereie er på pkt. 5 før eg har fått snudd meg rundt, ja då veit eg jo at dei har hoppa over noko.
2. Ein kan ikkje nytta andre sine opplegg og rekna med at det skal gå like godt som med eit eigenprodusert opplegg.
3. MSN og liknande skal blokkerast neste gong eg skal ha slik undervisning.
4. Konkrete oppgåver er eit must. Det blir for dumt å sitte å halde på med ei imaginær oppgåve!

Og det er vel dei punkte som eg kjem på i farten. Elles er det det å seie, at  øvelse gjer meister, og eg merka god forskjell på fyrste og andre gongen…men det kan jo fort ha å gjere med at det var eit anna klientel…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *