Åtvaring!

No i desse juletider går fleirfaldige plastikkort varme idet dei vert sveipa gjennom bankterminalen fortare enn grautskeiene i risengrynsgrauten på Jolafta! I så måte har eg erfart eit par småting dei siste dagane. Er du ikkje kunde i SR-Bank er det ikkje sikkert dette gjeld deg, men sjekk likefullt.

For det fyrste så har min kjære bank som eg har vore så trufast mot i alle desse år no funne det for godt å gje brukskontoen min eit nytt namn. Det fengande “Alltid” er namnet på det vidunderlege nye konseptet. Av flotte ting SR-Bank kan freista med er mellom anna;

  • Visa
  • Mastercard Gold
  • Gratis bruk av kortet for varer og tenestar i heile verda
  • Gratis uttak av kontantar i SR-bank sine minibankar i Noreg
  • Gratis rekningsbetaling
  • Gratis veksling av valuta
    og sist men ikkje minst…
  • VALFRITT motiv på Visakortet

Og alt dette til berre, og eg gjentek berre 30,- månaden! Eit røvarkjøp med andre ord! Men vent. La oss gjera litt grunnleggjande matematiske utrekkningar. Fyrst er det kanskje eit poeng å vera klar over at eg til no har betalt 275 kroner i året for at SR-bank skal få passa på pengane mine, og for at eg skal ha tilgang til midlane mine gjennom minibankar og nettbank. Men gjer no eit kjapt reknestykke…30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30…eller 30*12…det vert jo 360 kroner!

No er kanskje ikkje 360 kroner all verdas mykje pengar, men det er noko med det prinsippielle. Kvifor skal eg betala meir pengar for dei tenestene eg har lista opp ovanfor? Motivet på Visakortet mitt gjev eg ganske enkelt blanke i, veksling av valuta kostar meg rett og slett ikkje meir enn at eg klarar å betala 40 kroner pr uttak. Det er trass alt ikkje så ofte eg er utanlands. Rekningsbetaling har vel såvidt eg veit vore gratis allereie, det same har uttak frå SR-bank sine minibankar vore. Bruken min av kort for å betala varer frå utlandet er ikkje noko eg gjer til dagleg. Mastercard er beint fram uaktuelt å skaffa seg. Og til sist…Visakortet har eg jo “alltid” hatt likevel. Med andre ord. Eg er altså havna i den heldige situasjonen at eg betalar 85 kroner meir for dei same tenestene eg har hatt tilgang til alltid. Litt ulogisk med tanke på at utviklinga til ei kvar tid siktar seg inn mot billegare og meir effektive løysingar!

Og så over til mitt andre ankepunkt i høve til SR-bank…her om dagen var eg sittjande å bla gjennom gamle årsoppgaver. Då eg i dag gjekk inn att på nettbanken min for å betala semesteravgift. Då lyser det ei rekkje med raude tal mot meg.

Gebyr

Når hadde eg fått melding om dette? At det kostar med 5 norske kroner å gå inn å sjå på  gamle årsoppgåver? Heller ikkje dette er dei store summane, men her er det altså igjen dette med prinsippet som gjer seg gjeldande!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *