Gamle skrifter og ordtøke

Fleirfoldige milliardar menneskje her på jorda har ei reiligøs tru basert på eit eller anna skriftverk. (Bibel, Torah, Koran e.l) Noreg har som kjent kristendom som statsreligion (enn så lenge). Det er stadfesta i Grunnlova vår;

§ 2

Alle Indvaanere af Riget have fri Religions­øvelse.

Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.

På Kyrkjemøtet nå nyleg vart det halde avstemming blandt delegatane på spørsmålet om homofile i partnarskp skal kunne tilsettast og vigslast. 67% stemte for dette. I samband med dette gjorde Ukeslutt ein reportasje om dette som eg vart liggjande på Batu Feringgi å høyre på i går. Eit gamalt ordtøke seier at det er av fulle folk og born ein får høyre sanninga. Eg måtte smile med meg sjølv då eg høyrde klippet under;

[audio:ekteskapsdebatten.mp3]

Eg har stor tru på Kaja og Maja. “Jeg tror det er mulig….på et vis”. Det er klart at born med slik ukueleg tru på at alt er mogleg vil kome langt i livet.

Ein tanke slo meg og. Med så mange kristne samla i saman, og med så mange bøner som fyk veggimellom om at Gud i det høge må høyra på akkurat deira bøn om å la valutfallet gå i rett rettning…mon tru kva mindretalet som tapte trur om sin Gud etter dette?

Og for å ta ein liten digresjon…medan eg sit og skriv dette held to byggningsarbeidarar på utanfor vindauget mitt og legg nytt tak på skuret over muren. Dei sveisar og sliper (berre millimetrar frå tåspissane) om ein annan med sneipen i kjeften, klikk-klakkana/flipp-floppane på beina og utan det minste spor av sveisemasker. Jaudå…det er tydeleg at eg er langt heimanfrå og alt som måtte ha med HMS på arbeidsplassen å gjere!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *