Topp avsluttning

I dag ligg eg her og forfattar det siste blogginnlegget i løpet av det Austral-Asiatiske Kulturstudiet eg tek denne hausten og veit at i morgon kveld så er spreidt for alle vindar. Nokre vert igjen her i Cairns, nokre stikk heim, medan andre har sett seg mål om å utforska det Australske kontinent endå litt meir. Eg sjølv satsar på nokre intensive skrivedagar i Brisbane og vonar at eg etter det kan seia meg ferdig med den.

Men for ein innspurt det har vore! Dei siste to dagane sidan me kom frå Japan har vore fantastiske. For å ta det i rekefølgje. I går var me ute på Great Barrier Reef og snorkla og kosa oss i vatnet heile dagen. Der låg me med hovudet ned i vatnet og vart til dei grader fascinert av livet som er under vatn. Fiskar i alle slags fargar og fasongar passerte under oss, og jamvel ei skilpadde og ein liten hai vart observert før me returnerte etter ein glittrande solfyllt dag på eit av verdas naturlege underverk. Men sola og det å liggja å kava i vatnet tek på, så det var ein sliten gjeng som kom attende etter ein fortryllande dag.

Men så kjem twisten. Kven skulle vel trudd at dagen i dag kunne verta like god…om ikkje til og med eit hakk betre?

Rafting i Barron River stod på plakten. Klok av erfaring visste eg med meg sjølv at dette kom til å verta ein finfin dag. Om han ikkje heilt nådde opp til min seanse med same aktiviteten for drøyt fire år sidan i verdas høgste komersielle dropp i Kaituna River på New Zealand, så var det likevel ei verdig avslutning på ei særs hendelsesrik tid saman med AA-kullet ’07. På veg til startpunktet frå hotellet vart me lova gode raftingforhold sidan det lokale kraftselskapet skulle sleppa opp slusene ned vassdraget heile dagen. Som erfaren vassdragsinnbyggjar må eg vel seia at eg ikkje var særs imponert over dei forholda som møtte oss då me kjøyrde oppover dalen…det såg rett og slett ein smule steinete ut i elveleiet. Heldigvis tok det seg opp, og då me (Mari, Amalie, Silje, Malin, Jan Tore og eg) som fyrste båt utfor og tok fatt på den 4 kilometer lange turen nedover, er eg sikker på at det var fleire som lurte på om det var deira rumpeballar som skulle gjera seg nærare kjent med elvebotnen.

Turen nedover gav oss ei rekkje passande store utfordringar tykkjer eg. For mellom rolege parti med flott natur og djupe kulpar med vatn som passa mine temperaturpreferansar perfekt, så var det stryk som kunne by på ein snurr i alle slags rettningar. Heldigvis/Uheldigvis (stryk det som ikkje passar) så var det ingen av båtane som tippa rundt på eiga hand i løpet av heile dagen, men det skorta ikkje på morroa fordi om. Vassprutekrig med dei andre båtane, ein liten improvisert padlespurtkonkurranse og mykje laustsittjande latter etter å ha meistra det eine stryket etter det andre piffa opp dagen. Ved veis ende venta det fortreffeleg grillmat til svoltne magar. Og for dei som måtte ynskje det (noko som viste seg å vera dei fleste), vart det jammenmeg endå ein tur nedover etter mat.

Så med alle trygt tilbake på hotellet så er det godt å kunne stadfesta at ingen kom alvorleg til skade, og at alle såg ut til å ha hatt ein kjempefin dag i lag. Så takk til alle saman som har vore med så langt, og ha ei trygg reise vidare til alle saman. Ta vare på dykk sjølve og sørg for å vera attende i Volda til etter nyttår…me har jo faktisk ein aldri så liten eksamen igjen i dette faget! Takk for laget!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *