Pip frå Australia

Dumme meg…her gjekk eg rundt og trudde at verda utanfor Noreg ville vera spekka fullt med gratis trådlause nettverk som eg fritt kunne kopla meg til. Slik er det då altså ikkje. Men før eg tek fatt på skriveøkta for i dag, tenkte eg at eg skulle nytta noko av mine resterande 30 dollar på Griffith University-nettverket til å oppdatera mitt kjære dalstroka-innafor litt.

For dei som endå lurer, så er eg for tida i Brisbane, Australia. Her alternerer me mellom å gå på skule nokre timar (2) til dagen, reisa på ekskursjonar og å ha skrivefri (noko som på eit eller anna merkeleg vis, stort sett ender opp med å bli klassifisert som fritid).

Ekskursjonar er fine ting. Me får sett oss litt rundt, sjølv om det jo stort sett foregår på same måte som ei temmeleg regulær gruppe med japanarar i Vigelandsparken. Men me har vore på eit par strender allereie, og me har sett kval i sjøen utanfor Brisbane. Skikkeleg kval. Knølkval. Dei store dyra som veifter med flappane sine til deg der du står på soldekket saman med 50 andre, før dei atter ein gong forsvinn ned i djupet under deg idet dei viser rompa til deg…og der står du likevel, og kjenner deg på eit vis så ufatteleg tett knytta til naturen at dersom du ikkje hadde vore langt ute til havs i ein båt, så hadde du funne fram pinnar for å gjera opp ild på the old fashioned way.

Nåvel…eg filmar. Alle andre tek bilete, så eg filmar. Eg har funne ut at det er greiast sånn. Så difor vert det ikkje all verdens med bilete som kjem ut på verdsveven frå mi side. Ikkje med det fyrste i alle fall. Kanskje eg lagar ei oppsummeringskavalkade på andre sida av jul. Hah…det slo meg nå, idet eg tråla harddisken etter bilete frå turen så langt, at eg har jo faktisk ikkje lagt inn nokre bilete frå Australia endå. Men det er og merkeleg kor mykje ein gløymer medan det heile står på. Slikt sett er eg glad at mange tek bilete, men ikkje minst, at eg skriv dagbok. Akkurat det var noko eg lærde meg til sist eg var på tur, og det var ein tradisjon eg tykte det var verdt å fylgje opp att denne gongen. Eit gratis tips der til eventuelle aspirerande globetrottarar.

Ein skal vel gjerne også formidla litt om korleis ein opplever saker og ting. Her me er no, er jo mykje ganske så likt som heime. Det er klart at ein saknar Solheimsknuten/Rotsethornet litt etterkvart….den lille haugen som dei kallar for “Mount” Kootha klarar liksom ikkje å gje ein den same kjensla av å føla seg liten. Men for all del. Berre flyturen til Australia fekk ein jo til å tenka ein tanke eller to om det. For det er stort her. Og goldt. Berre ein kjem seg høgt nok opp, så fer en litt perspektiv på saker og ting…såpass har eg lært meg etterkvart. Og frå 10.000 meters høgd, så vert den golde ørkenen under deg plutseleg sjåande ut som havsens botn…berre tørrlagd. Kanskje er det her Moses har vore på ferde med stokken sin?

Då får det halda for ei lita stund. Eg tenkte eg skulle halda det kort her… No skal eg skrive litt minor assignment om samar og aboriginarar.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *