Halsbrunde

Skyldes i almindelighet en for stek syreutskillelse i maven. Fjernes ved letfordøielig kost, omhyggelig tygning av maten, vekselfotbad og neptunsbelte om natten.

2 Comments on "Halsbrunde"

  • No er eg lei av vekselfotbad, neptunbelte og tygging, ingenting hjalp. Kjem på at eg har ikkje halsbrunde heller. Ville berre nytta høve til å gratulera deg med dagen. Reknar med at du les og strevar med det vanskelege faget IT denne våren. Er det noko du treng hjelp med, så bere spør!
    Kva med hausten, forresten???
    På Tjørhom skeisar me rundt på eit polert glatt tun, lite nytt. Kos deg med dagen.

  • Takk for gratulasjonar! 🙂 Kan freiste med tips om leging av meslingar på fredag og elles andre interessante helsetips frå 1920-talet framover heilt til somaren.

    Utfordringa på IKT-studiet går vel stort sett i å halda motivasjonen oppe medan ein skriv meiningslause oppgåver om kva ein bør tenkje på når ein kjøper ny datamaskin.

    Hausten kjem forøvrig sansynligvis i år også. Og sidan eg er kjent for å tenkje langt framover så kjem han nok like overraskande på meg som alltid. Ting går seg til. Det gjer stort sett det.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *