Lærarmangel

Medan regnet plaskar på vindauget i den suraste sumaren eg kan hugse, sit eg her og les litt lærarnytt frå ulike bloggar på nett.

Eg beit meg spesielt merke i ein som omhandlar kostnadane omkring nytilsettjingar av lærarar i det amerikanske skuleverket. Det slo meg med eitt at ei slik undersøkjing burde verte gjort her til lands og. For veit ein eigentleg noko om dette? Kor mykje kostar det eigentleg å tilsettje ein ny lærar etter at ein har slutta? Rykta eg høyrer, er at fleire og fleire lærarar sluttar i yrket sitt til fordel for eit betre lønna arbeid i privat sektor. Ser ein på tal frå Statistisk Sentralbyrå, vil ein leggje merke til nokre ting. For det fyrste, i perioden frå 1993 til 2003 har talet på tilsette i skuleverket auka med snaue 12000. Eit markant skilje finn ein frå 1996-1997. Ved innføringa av L97, ser ein at talet på lærarar auka med 6500 tilsette. Eit tankekors kan vera at av desse, så var 2200 i aldersgruppa under 29. Likevel finn ein at frå 1993 har prosentandelen som er over 50 år gått opp frå 28.9% til 40.1%. I bortimot same periode, 1991 til 2001, har talet elevar auka med heile 120.000. Likevel, ser vi at lærartalet diverre i 2003 fortsatt ligg på eit stabilt post-L97-nivå (1998).

Så eg spør meg sjølv; er det eigentleg særleg rart at nyutdanna fell frå der dei kjem ferske i frå ein av landets lærarinstitusjonar, og blir slengt rett i det der dei må takla bortimot 30 born sine einskilde behov, og kanskje det doble antal foreldre som pressar på for at akkurat deira unge skal få meir merksemd av deg? Kanskje er ein så heldig at foreldreparet ikkje eingong lenger er eit par, og ein endar med eitt opp som in formidlar mellom foreldra sine ulike ynskje for sitt felles born.

Det er nettopp slike eksterne tilhøve som vert vektlagd som grunn til at lærarar sluttar i ei amerikansk undersøking i April d.å:

  • Fleire og flerie born manglar ei skikkeleg, felles støtte av heimen.
  • Lærarar vert pålagde å gjera stadig meir på eit allereie avgrensa tidsrom.
  • Det vert forventa at lærarar er ekspertar på alle område.
  • For lite planleggingstid.
  • For mykje papirarbeid.
  • Sjeldan ein har ein skikkeleg fridag.
  • Manglande støtte.
  • Lærarar arbeider i helgene utan å få betalt for det.
  • Lærarar nyttar sumarferien til å planleggja neste års skulekvardag.
  • Elevane treng/krev stadig meir tid av læraren.

At eldre lærarar held ut i møtet med alle desse krava er kanskje ikkje så rart. Dei har trass alt halde på med det ei stund, og har etterkvart vorte rimeleg hardhuda…samtidig som dei vel så smått byrjar å gå på autopilot. At den unge lærarspira som dukkar opp, fulle av forventnigar til korleis nettopp han/ho skal vera med på å endra skulen, fer seg eit sjokk og kapitulerer etter kun få år er kanskje ikkje så rart.teacher.jpg

Det har vore forsøkt med bruk av ein slags mentor til nyutdanna, eller generell støtte til å kome inn i det praktiske. Spørsmålet er vel om det fungerer når ein ser på tala. Men ei slik støtt, i alle fall det fyrste året, er nok ikkje heilt feil veg å gå. Sjølv ynskjer eg meg ein lærarsekretær når den tid kjem. Ein som kan ta seg av alt papirarbeidet slik at et kan fokusera på sjølve lærargjerninga. Men nå får ein sjå korleis det går…for alt eg veit, kan eg jo verte skremd eg og.

3 Comments on "Lærarmangel"

  • Ingen grunn til å verte skremd på forhånd Torger Åge. Eg har fått mykje støtte frå mine kollegaer, sjølv om me ikkje har mentorordning på skulen. Ein arbeider jo i team, og får difor ganske sikkert nokon som er meir erfarne til å arbeide tett saman med. Dei fleste middelaldrande damene får nok og eit snev av morsinstinkt når den nyutdanna ungguten kjem inn på lærarrommet, og slår ut med vengene.
    Nå er det jo slik at me er inne i moderniseringstider der edb vert stadig viktigare. Ein som kan litt slikt sit i ein god posisjon til å byte til seg litt hjelp på andre område, tru du meg.

    Sånn elles så er det fint å vera lærar på sumaren. Er i Stavern no. Reiser snart til Oslo for tre veker, før me kjem til Sirdal 3. august. Blir der vel ei veke. Talast då.
    PS. Eg tenkjer ikkje eit sekund på neste skuleår. Det går nok bra likevel.

  • “Dei fleste middelaldrande damene får nok og eit snev av morsinstinkt når den nyutdanna ungguten kjem inn på lærarrommet”…til og med svigermorsinstinktet har jo vist seg å vakna. :p

  • Haha… ja det var jo ho som hadde ei datter aa gifte bort 🙂 .. det maa du jo bare ta som et komplement!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *