Media meiner…

Jarle Andhøy har igjen sett kursen mot sør. Polarrådgjevar i det Kongelege Norske Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, likar ikkje dette i det heile tatt.

NRK sin reportar i innslaget i artikkelen over, uttalar følgjande;

“Norske myndigheter står moralsk ansvarlig for denne turen…”

I ei anna aktuell sak har Ola Borten Moe motteke den uheldige tittelen “årets etikkversting” av Fremtiden i våre hender. Tittelen delte han med Statoil.

Dagbladet sin journalist siterer her Borten Moe på slik;

“Jeg påstår ikke at jeg har bedre etikk eller moral enn noen andre.”

Dette er altså det media meiner.

Utan at det er ein naturleg samanheng mellom desse to sakene, er det jo ei fiffig vinkling å sjå desse sakene opp mot kvarandre.

På den eine sida har ein UD som på vegne av den norske stat heiser det moralske flagget til topps straks den “lause kanonen” Andhøy legg ut på tokt utan deira godkjenning.

På den andre sida har ein så Borten Moe, også ein representant for den norske stat, som surmular når nokon kallar ei spade for ei spade og set fokus på at han kan hende er ein tanke ute å køyra med tanke på det moralske og etiske ansvaret han måtte ha ovanfor seinare generasjonar.

Hadde det endå vore denne type "canning" det var snakk om....

Eg meiner at Njål Kolbeinstveit seier nokre kloke ord i sin kommentar i Stavanger Aftenblad 15 januar i år. Vel verdt å lesa også for Borten Moe…om han har tid då. For det er klart at når “The Yes Man” dreg ein “Moe” på andre sida av dammen, så er det klart ein kan verte litt handlingslamma av eit slikt smigrande trekk.

Leave a Reply

Your email address will not be published.