It’s the end of the world as we know it?

Tittelen, henta frå R.E.M’s store hit, må forhåpentligvis lesast med ein visse skepsis.

Men dette er unekteleg eit pussig samantreff.

Frå norrøn mytologi har ein såga om tida før ragnarokk, også kjend som Finbulvintar.

“Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse
vindar, ingen ting har gagn av sola. Det er tre slike vintrar -utan sommar imellom.” –
Wikipedia

I fjor var ein tåleg kald vinter. Stavangers innbyggjarar kunne gå på tvers av Breivatnet for fyrste gong på 15 år, og dei gjorde det lenge. Breivatnet er nok ein gong frose til. Altså vinter nummer 2. Ein til….

Samstundes har Mayakulturen i Sør-Amerika fastsett verdas ende i 2012.

Eg berre nemner det…

2 Comments on "It’s the end of the world as we know it?"

  • Frå ein naturfagslærar til ein annan.
    Fjoråret var det varmaste året me har hatt i snitt på kloden på svært lenge. Sjølvsagt var det variasjonar rundt om, men ser me bort i frå vesle Noreg var det altså svært så god lunk.
    Elles er det jo kjekt for sidd(is)-ane å få litt is å gå på. Ulempa er jo at dei er leie av vinteren lenge før påske i år og…
    Ikkje meininga å disse teorien din, men eg har ei sterk tru på at me kjem oss gjennom 2012 og, trass i alle slags Maja-spådommar.

    • Tvilar ikkje på at med kjem oss gjennom 2012. Spørsmålet er vel berre korleis. No skal det seiast at eg ikkje er nokon religionsfan, korkje norrøn eller maya, men det er ein interessant tanke.

      Og sjølv om me kanskje har hatt det varmaste året på ei stund, sånn i snitt, så er eg ikkje sikker på om dei gamle vikingane tenkte på snitt då dei dikta opp historiane sine. Hadde dei hatt eit globalt perspektiv, slik vi kjenner det i dag, ville vel fort den norrøne tradisjonen ha vore statsreligion i eit og anna land rundt omkring. 😉

      Igjen….artig å fundera på…”kva hvis”-perspektiv er ofte spanande!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *