Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.”

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.

6 Comments on "Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!"

Leave a Reply to Frode Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *