It’s Learning…eller gjør de det?

It’s Learning er ein av dei mest suksessfulle LMS’ar (Learning Management System) me har å nyttegjere oss av her i Noreg. Saman med ClassFronter er dei leiande innan dette feltet, med PedIT såvidt haltande etter.

Eg har lenge sagt at It’s Learning ikkje er ein LMS som er påtenkt grunnskulen i Norge. Til nød kan ein nytte det i ungdomsskulen. Dette er eg ikkje aleine om å meine heller.

Fram mot It’s Learnings oppdatering den 26.08 hadde eg store håp. Eg såg for meg nytt og forbetra design, dra og  slepp-funksjonalitet, slutten på bruken av frames og mykje meir. Nedturen var difor stor då eg oppdaga at lite nytt hadde hendt. Det kom litt nytt her og der, dog intenting revolusjonerande, men dei gamle irritasjonsmomenta var der endå.

Her om dagen gjorde eg eit forsøk på å laga ei “side”. Denne laga eg som ein mal, for å kunne kopiere og nytte om att. Resultatet vart to kliss like kopiar i filtreet, ein kopi i “mitt bibliotek”, og null rettigheiter til å redigere ei einaste ei av dei sidene eg hadde laga. Jf. film under;

Det plagar meg at slikt dukkar opp heile tida. Kan ein ikkje fokusera på å fiksa feil som folk irriterer seg over, framfor å laga nye funksjonar som viser seg å heller ikkje fungere? Eg tipsar på Twitter, vert henvist til http://itslearning.accept-ideas.com/ som viser seg å heller ikkje fungere. Dette nemner eg nok ein gong på Twitter, får svar, men utan at det hjelp.

Ja. Eg er frustrert. Når eit selskap som tek nye marknader i utlandet og tilsynelatande håvar inn millionar frå stakkarslege kommunar og barneskular rundt om i Noregs land, ikkje ser ut til å høyra på brukarane, då vert eg mest irritert. Skal det verkeleg vera mogleg å selge seg inn i ein marknad på eit behov som for mange ikkje er der, og så gje blanke i det når det vert stilt krav til produktet?

På toppen av det heile gjeng eg på kurs og ser kurshaldarar mislukkast i å utføre oppgåver dei garanterer skal fungere, men som eg hardnakka påstår at ikkje gjer det.

4 Comments on "It’s Learning…eller gjør de det?"

  • Kva gjer ein når ein vert frustrert? Ein forlet frustrasjonen!

    Eg har ikkje vore innom ITSL i år. Kan hende får eit godt og lukkeleg lærarliv med Facebook?

    Mange har vorte søkkrike av å selja tull. Eg kan gje fleire døme.

  • Hei! Jeg er enig i det du skriver i forhold til at Its-learning burde bruke mer tid på å fikse feil og og forbedre etterlengtet funksjonalitet som feks i kalenderfunksjonen istedetfor å lage nye funksjoner som “ingen” har etterspurt. Jeg jobber på vgs, og der er verktøyet veldig viktig og fungerer godt.

    Mitt bibliotek har sine dårlige sider men kan også være nyttig. Se feks http://tanketraader-ingunn.blogspot.com/2010/05/deling-av-eksamensressurser-via-its.html

    Kjenner jeg blir litt trist når jeg leser kommentaren fra Kjell-Arne…

  • Først av alt, Torger Åge. Vi setter pris på innspill og meninger om oss og produktet. Dette viser engasjement, og det er bra.

    Å utvikle en programvare til bruk i skolen er en kompleks og tidkrevende prosess, som styres av mange faktorer. Faktisk så mange at jeg heller vil gi deg stående invitasjon til å komme innom våre kontorer i Bergen å slå av en prat om det, enn å ta diskusjonen her.

    Jeg har også en annen utfordring til deg. Du er en avansert bruker som sikkert sitter på masse gode eksempler på bruk. Vis det du får til med elevene dine. Det som skaper gode eksempler som andre kan gjøre etter deg. Det vil gi en stor verdi for andre lesere og oss.

    • Det bør vel ikkje kome som ei overrasking at eg er ein tanke engasjert i dette med IKT og skule. Sidan eg gjekk i 6. klasse, har datamaskina vore eit viktig reiskap i min kvardag. I fyrstninga som leik og moro, men etterkvart som eit verkty til å skaffe seg informasjon om ting eg fatta interesse for.

      No om dagen gjeld dette altså bruken av IKT i skulen, i og med at eg har eit yrke som lærar. At eg då har stor interesse, og sterke meiningar, om kva verkty eg kan nytte meg av i kvardagen, er like naturleg som at Asafa Powel er nøye med å velgje seg sko å springe på, eller at ein snekker ikkje i utgangspunktet tek til takke med ein tilfeldig hamar.

      Eg set pris på invitasjonen om å kome til Bergen for å samtala om utvikling av It’s Learning, men med mindre noko spesielt skulle dukke opp, så må eg nok diverre skuffe deg Nils. Som lærar har eg diverre ikkje anledning til å stikke avgarde som det passar meg. Med tanke på at eg har vore tre gonger i Bergen i mitt liv, så er heller ikkje oddsa særs gode for at det skal skje med det fyrste heller.

      Og det er jo nettopp difor eg meiner at dette internettet er så fortreffeleg. Om det vert nytta rett, kan ein få til ganske så mykje flott. Det er difor eg frå tid til annan velgjer å gjera utviklarar av mange typar programvare merksame på ting som har eit forbetringspotensiale.

      Eg tvilar ikkje på at det å utvikle programvare er ein komplisert prosess. Det veit eg av eiga erfaring at det er, og mi programmering strekk seg berre til eige bruk. Men mitt poeng er at ein må høyra på brukarane, dei som nyttar verktøya til dagleg, for å soleis å kunne gjere produktet betre.

      Ein kan nok sei at eg er ein avansert brukar. Men kva gjer meg til det? Det faktum at eg har ei evne til å sjå kva som fungerer og ikkje fungerer i det daglege arbeidet kan frå tid til annan gjere meg svært så oppgitt over dei løysningane som er tilgjengelege. Dette kan gjelde alt i frå at nettlesarar heng igjen i versjonar på 90-talet, eller det kan gjelde småting i moderne LMS’ar, slik som til dømes It’s Learning. Så om det er ei gåve, eller ei forbanning er ikkje alltid godt å sei. 😉

      Frå tid til annan kjem eg med eksempel her på bloggen min på ulik programvare som kan nyttast pedagogisk. Å syne eigne eksempel på pedagogisk bruk er derimot eit stort steg for augneblinken. Pr. i dag har eg ikkje ein einaste elev inne på It’s Larning. Det fall litt i fisk då eg måtte “oppgradere” kontoane deira til mellomtrinnsprofil, då det viste seg at den i utgangspunktet geniale koplinga med testar og småskuleprofilar viste seg å vere urå å få til. Skuffa. Ja, det kan ein sei!

      I utgangspunktet skulle eg ynskje meg ein åpnare profil frå IT’s Learnings side. Men eg ser jo at det er visse komersielle interesser der som gjer at ein heller ynskjer å halde korta tett til brystet. Likevel er eg redd at ein med ein slik framgangsmåte kan tape kundar i det lange løp. Eg skulle ynskje at ein hadde ein eigen person, eller aller helst ei heil avdeling som hadde som jobb å utvikle It’s Learning i høve til dei krava ein har i småskulen.

Leave a Reply to Nils Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *