Samskriving i barneskulen

I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling.

2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande tidlegare, og eg var naturlegvis litt skeptisk til korleis det skulle gå. Det gjekk føre seg på den måten at eg oppretta seks ulike dokument. Eit til kvar gruppe. Desse vart så lenkja opp i eit notat i It’s Learning. Dette gjorde at elevane kunne logge seg på sin konto på It’s Learning, velgje norskfaget og derifrå velgje dokumentet med sitt gruppenummer. Dette fiksa alle veldig greit.

Dokumenta hadde same oppstartstekst. Denne hadde eg lagd inn til dei. Oppgåva var ganske enkelt å skriva inn så mange vår-ord dei kunne. At dette gjekk smertefritt er å ta hardt i. Det gjekk ikkje lange stunda før skuldnadane flagra veggimellom om at XX hadde sletta det YY nettopp hadde skrive. Det er jo ein interessant observasjon å vera vitne til, for korleis YY kunne vera sikker på at det var XX som hadde sletta orda når dei var fysisk adskilde i ulike rom? Finurleg, og ganske morosamt.

Konklusjonen er altså at etter 15 minutt hadde dei små erfart at ein ikkje burde ta bort særs mykje av teksten, og om dei skulle gjere det, så burde det berre vere teksten som hadde sin eigen farge. For nokre ein hard lærepenge, men eg trur det gjorde godt.

Etter friminuttet hadde eg laga nye oppgåver til dei same gruppene. Denne gongen var det historieoppgåve. Elevane skulle skrive kvar sin setning. Det var fantastisk moro å sjå sjølvsensuren på stor bokstav og punktum! “Teiknet” på at det var nestemann sin tur, var jo sjølvsagt eit punktum.

Etter å ha teke opp kva erfaringar dei hadde gjort i førre time, var det heller ikkje nokon som klaga over at teksten forsvann. Det var også fantastisk å sjå den disiplinen elevane hadde i høve til når dei skulle skriva.

Alt i alt var dette noko av det mest suksessfulle eg har vore ute for i år. Læringskurva til elevane såg ut til å skyta rett til vérs høgare enn kva oskesky som helst. Då er det kjekt å vere både elev og lærer.

1 Comment on "Samskriving i barneskulen"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *